Tid og stad
- Når
-
- 07. jan. 2027, 15:00 - 18:00
- 08. jan. 2027, 08:30 - 13:00
- Kvar
-
Scandic Flesland Airport
Lønningsvegen 9
5285 Blomsterdalen
- Påmelding
- Påmelding her
Både sjukehusa og utdanningssektoren må tenke nytt om korleis vi utdannar og utviklar helsepersonell. Ei helseteneste i endring stiller nye krav til kompetanse, samhandling og ressursbruk.
Vi må finne løysingar som gjer det mogleg å møte framtidige behov innanfor tilgjengelege rammer, samstundes som vi utdannar helsepersonell som er førebudde på nye oppgåver og endra måtar å samarbeide på.
Konferansen set søkelys på korleis helseføretaka og utdanningsinstitusjonane kan samarbeide om å utvikle utdanningane for framtidas helseteneste. Gjennom innlegg og diskusjonar ser vi på korleis vi kan vidareutvikle utdanning, praksis og rettleiing og utforske nye modellar for læring og samarbeid.
Målet er å bidra til utdanning av helsepersonell som er rusta for endring og utvikling, til beste for studentar, medarbeidarar og pasientar.
Program dag 1
15.30-15.40: Opning av konferansen v/ Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF
15.40-15.45: Tema 1: Kva kompetanse treng vi for framtidas helseteneste?
Helsetenesta er i endring, med større vekt på samanhengande tenester og samarbeid på tvers av fagområde og tenestenivå. Fram mot 2040 vil nye krav til kompetanse, prioritering, oppgåvedeling og beredskap prege utviklinga. Kva betyr dette for utdanningane, og kva må helseføretaka og utdanningsinstitusjonane utvikle saman?
15.45-16.45: Hovudinnlegg: Kva helseteneste utdannar vi for?
Perspektiv på utviklinga fram mot 2040 og konsekvensane for utdanningane.
v/ Elisabeth Farbu, viseadministrerande direktør, Helse Stavanger, og Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning, Høgskulen på Vestlandet
16.45-17.00: Pause
17.00-17.20: Når rammene endrar seg: Kva må framtidas helsepersonell vere førebudde på?
v/ Thomas Dag Iversen, beredskapsleiar, Helse Vest
17.20-17.55: Samtale rundt bordene
17.55-18.00: Oppsummering av dag 1
19.00: Middag med kulturelt innslag og utdeling av Helse Vests utdanningspris
Program dag 2
08.30-09.05: Presentasjon av vinnaren av utdanningsprisen i Helse Vest
09.05-09.10: Tema 2: Kapasitet og kvalitet i utdanningane – korleis lykkast vi saman?
Behovet for meir helsepersonell og auka utdanningskapasitet stiller nye krav til utdanningane og samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og helseføretaka. Samstundes skal studentane få gode læringsmiljø og utdanningsløp som gir rom for læring, gradvis ansvar, fagleg utvikling og meistring.
Korleis kan helseføretaka og utdanningsinstitusjonane saman utvikle utdanning, praksis og rettleiing slik at vi kan møte framtidige kompetanse- og kapasitetsbehov og samstundes ta vare på kvaliteten i læringa til studentane?
09.10-09.50: Frå idé til praksis: Korleis lykkast vi med å utvikle læring, praksis og rettleiing?
Meir informasjon kjem
09.50-10.20: Pause og utsjekk
10.20-11.20: Felles utfordringar, ulike modellar
Korleis kan vi organisere praksis og rettleiing på nye måtar, samstundes som vi tar vare på kvaliteten i læringa til studentane?
Korte innlegg
Meir informasjon kjem
11.20-11.40: Pause
11.40-12.40: Samtale rundt bordene
12.40-12.50: Oppsummering
12.50-13.00: Avslutning og evaluering
13.00: Lunsj