Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Alt klart for oppstart av tarmscreening

I november blir dei første invitasjonsbreva til screeningprogrammet for tarmkreft sende ut til alle 55-åringar.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Prøveglass, illustrasjonsbilde
​Noreg har høg førekomst av tjukk- og endetarmskreft samanlikna med mange europeiske land. Rundt 4500 personar får tarmkreft årleg og over 1600 personar døyr av sjukdommen. Prognosen blir mykje betre når sjukdommen blir oppdaga i ein tidleg, symptomfri fase. Vi har 95 prosent større sjanse for å overleve, dersom tarmkreft blir tidleg oppdaga, ifølgje tal frå Kreftregisteret.
Målet med screeninga er reduksjon i dødelegheit og helst også reduksjon i førekomst av tarmkreft. I programmet for tarmscreening får 55-åringar tilbod om analyse av ei avføringsprøve kvart andre år fram til dei fyller 65 år. Deltakarane tek prøva heime og sender ho til laboratoriet ved Akershus universitetssykehus for analyse. Dersom det blir påvist blod over ei viss mengd, vil deltakaren få tilbod om ei kikkertundersøking av tarmen (koloskopi). Det er planlagd ei gradvis innføring av koloskopi som primær screeningmetode.
Dersom 1000 personar leverer avføringsprøve, vil 65 få beskjed om at det er påvist blod i prøva og bli viste til koloskopi. Ved koloskopi vil truleg over halvparten få påvist polyppar som kan utvikle seg til kreft, og to vil få påvist tarmkreft.

Figur: Kreftregisteret

Sjukehusa sitt ansvar er å sikre koloskopi- og patologikapasiteten i regionen for å kunna møte det auka behovet.​​
Dei første invitasjonane blir sende ut til 55-åringar på Vestlandet i november. Tilbodet blir rulla gradvis ut til heile landet i løpet av det neste året.

Bakgrunn

Stortinget vedtok hausten 2017 å innføre eit nasjonalt screeningsprogram for tarmkreft. Formålet med screeninga er å oppdage og fjerne forstadium til kreft eller avdekkea og behandle kreft, for å redusere førekomst og dødelegheit av tarmkreft i befolkninga. Helse- og omsorgsdepartementet gav dei fire regionale helseføretaka følgande oppdrag i oppdragsdokumentet for 2018: 

«Dei regionale helseføretaka skal, under leiing av Helse Sør-Øst RHF, førebu innføring av nasjonalt screeningsprogram for tarmkreft frå 2019 med utvikling av nytt IT-program, starta rekruttering av personell, skopiskole, investera i endoskopisenter osb.» ​​​​

​​

Fakta om tarmkreft og programmet

  • ​Tarmkreft er ei samlenemning på kreft i tjukk-og endetarmen. 
  • Talet på tilfelle av tarmkreft i Noreg i 2021: 4550 
  • Talet på pasientar som døydde av tarmkreft i 2021: 1614​
  • ​Innføringa av eit tredje kreftscreeningprogram er eit samarbeid mellom dei regionale helseføretaka og Kreftregisteret, som skal drifte programmet. Når screeningprogrammet er rulla ut til heile landet vil rundt 70 000 nye 55-åringar bli inviterte kvart år. y
  • Det er ikkje mogleg å melde seg på eller bli vist til Tarmscreeningprogrammet. 
  • Når programmet er i full drift vil programmet analysere opptil 200 000 prøver i året.​​

​​​​​​​
​​​