Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

– Dette blir ikkje komplisert

Den nye ordninga for tilvisingar vil ikkje endre så mykje for pasientane i Helse Førde. Det meiner avdelingssjef Trond F. Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.

Publisert 28.06.2023
En mann i dress
I Helse Førde starta ordninga i mars. Frå pasientperspektivet er dette veldig bra, meiner avdelingssjef Trond F. Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

Helse Førde er ikkje heilt i mål med korleis dei vil løyse den nye tilvisingsordninga, men avdelingssjef Trond F. Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter vil ta dei siste detaljane i samarbeid med avtalespesialistane i føretaksområdet. I Helse Førde starta ordninga 1.mars.

– Eg er optimistisk med tanke på den nye ordninga. Frå pasientperspektivet er dette veldig bra. Nå får dei endeleg klåre rettar med omsyn til helsetenesta. Nyordninga er ei sentral avgjerd vi må tilpasse oss, samstundes som vi gjer dette enkelt og greitt og tar vare på det gode humøret. 

Følgjer DPS-strukturen  

–  Vi held fast på DPS-strukturen vår og vil bruka DPS-a som mottak for tilvisingane og tildele saker til avtalespesialistane når dei har ledig kapasitet. Det er avgjerande at vi er raske i prosessen, slik at pasientane får tildelt behandlar innan den korte fristen vi har, seier han. 

Tidlegare i år kalla DPS-a i Helse Førde inn avtalespesialistane til drøftingsmøte. 

– Vi vil ha eit tillitsbasert system. Avtalespesialistane treng ikkje bli med i vurderinga av tilvisingane, men vi må ha eit godt nok teknisk system som gjer dialogen enkel. 

Ventelister

I Helse Førde er det korte ventetider for behandling i spesialisthelsetenesta, og få får avslag på behandling. Av 600 tilviste pasientar til Nordfjord psykiatrisenter i fjor, var det berre 12 som ikkje fekk rett til helsehjelp. 

– Det er nok annleis i dei store byane, men her har vi kapasitet til å gje hjelp. Så lenge vi har det, får folk hjelp raskt.  

Han er likevel spent på korleis ventetidene blir framover. Per nå har DPS-ane ikkje oversikt over ventetid hos avtalespesialistar. 

–  Min store bekymring er aukande ventetider og fleire avslag. Vår haldning er at dei som blir tilvist til spesialisthelsetenesta, skal få hjelp av spesialisthelsetenesta. Eg håper at vi kan fortsetje med denne linja vidare òg. Samstundes veit vi ikkje kor lenge pasientar ventar hos avtalespesialistane. Sannsynlegvis er ventetida noko høgare enn hos oss. Men terskelen for å få hjelp  er låg, og den skal vere låg. Det har vi både moglegheit og kapasitet til. 

Sjølv brukar ikkje avdelingssjefen mykje av tida si på tilvisingar. Dette vil han fortsetje med framover. 

– Eg trur det handlar om å få det unna. Det er små forhold her oppe, og mange kjenner kvarandre. Vi risikerer at avtalespesialistar må seie nei til pasientar som dei kjenner frå andre samanhengar eller av faglege grunnar ikkje kan ha i behandling. Vi må vere raske i vurderingane, slik at vi rekk å finne ny behandlar innan fristen i slike høve. 

Effektivt og raske svar

For Aarre er målet at den nye ordninga skal bli så lite ressurskrevjande som mogleg. Avtalespesialistar skal bruke minst mogleg tid på administrasjon, og saman skal DPS-a og avtalespesialistane bli einige om: 

  • Korleis kommunikasjonen skal vere mellom DPS-a og avtalespesialistane
  • Korleis avtalespesialistane får rett pasientgruppe
  • Korleis tilvisingane skal behandlast raskt nok, slik at avtalespesialistane rekk å seie nei til pasientar dei ikkje bør behandle

– Pasienten skal raskt få brev med rett person. Det skal vere så gode kommunikasjonskanalar mellom oss at vi rekk å finne ein eigna behandlar til alle innan fristen på ti yrkedagar. 

Tida framover skal brukast godt, fortel Aarre. 

— Fastlegen er portopnar for pasientane i dag. Vi skal halde fram med å ta alle tilvisingar like seriøst og gje behandlingstilbod til dei aller fleste.