Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ei avventande pasientgruppe

Pasientane har vore spente på den nye tilvisingsordninga i psykiatrien «Ein veg inn». Førebels har det vore meir bekymring enn jubel, fortel brukarrepresentant og styremedlem i Mental Helse, Karl Olaf Sundfør. Nå håper han på god dialog mellom brukarorganisasjonane og spesialisthelsetenesta framover.

Publisert 28.06.2023
En mann med rutete skjorte
Brukarrepresentant og styremedlem i Mental Helse, Karl Olaf Sundfør, seier at brukarane er avventande til den nye ordninga Ein veg inn.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

– Det er viktig at alle instansar nå snakkar godt saman for å dele bekymringar og kunnskap. Vi kan ta informasjon vidare til pasientane, og helsevesenet kan lytte til bekymringane vi og pasientane har. Eit slikt samarbeid blir nødvendig framover for å nå ut med god informasjon til pasientar og pårørande. 

Er det kapasitet?

Engasjementet er stort hos Karl Olaf Sundfør som sjølv har lang erfaring med psykiatrien, både som pasient og dei siste åra som aktiv brukarrepresentant. I dag brukar han tida si på andre, gjennom ulike prosjekt for å hjelpe menneske med psykiske vanskar. Han sit blant anna i brukarutvalet til Helse Fonna, styret i Mental helse og er brukarrepresentant i ekspertutvalet for tematisk organisering av psykisk helsevern for vaksne. Han har lenge vore aktiv i råd og utval innan helsetenester, psykisk helsevern og rus. 

– Eg bryr meg. Det er vel ei enkel oppsummering. Samstundes får eg bli med på mykje spennande og meine noko om det som er viktig for meg og folk eg snakkar med. 

Sundfør har snakka med fleire om den nye tilvisingsordninga «Ein veg inn». Pasientgruppa han har vore i kontakt med er bekymra for at det nå er DPS-ane som skal handtere tilvisingane. Pasientane opplever at distriktpsykiatrien er pressa på kapasitet allereie og er urolege for om dei har tid til dette i tillegg. 

– I utgangspunktet tenkjer eg at det er bra at vi får felles mottak for tilvisingar. Det som skremmer meg, og dei eg har snakka med, er kapasiteten. Dei er pressa frå før av, og nå får dei endå meir å gjere. Korleis skal dei handtere det? Vi fryktar at dette vil gå utover behandlinga til pasientane om meir ressursar blir brukt på tilvisingar, seier Sundfør. 

Den viktige samtalen 

Når DPS-ane nå skal ta imot tilvisingar, skal dei  òg avgjere om pasienten skal få hjelp i spesialisthelsetenesta eller om det ikkje er rett plass for den aktuelle pasienten. Dei som har rett på spesialisthjelp, vil  òg få tilbod om ein samtale før vidare beskjed om behandlingsforløp. Ein slik samtale burde alle få, meiner Sundfør.  

– Når ein fastlege tilvisar til spesialisthelsetenesta, meiner vi det er naturleg at alle får samtale med ein behandlar. Vi ønskjer at alle får dette og håper det blir ein regel etterkvart. Vår oppleving er at det ofte er sjølve tilvisinga som er problemet. Om fastlegen er god på å skrive tilvising, får pasientane vurderingssamtale. Pasienten opplever i alle fall at det gjer eit betre gjennomslag. 

Det har lenge vore snakk om fastlegemangel i ulike kommunar. Mangel på fastlegar kan gjere sjølve tilvisingane vanskelegare, trur Sundfør. 

– Vikarar kan mangle kompetanse på tilvisingar, spesielt om dei ikkje har så mykje erfaring med psykiatri. Mange av våre brukarar manglar fastlege i utgangspunktet. Då blir det vanskeleg å få god tilvising for dei som treng det. 

Nokre av pasientane Sundfør snakkar med saknar gode svar på kvifor dei ikkje har rett på behandling i spesialisthelsetenesta. Ver tydelege og konkrete, oppfordrar han. 

– Tilbakemeldingane vi får frå pasientar er at det er vanskeleg å komme inn til vurderingssamtale. Det er sjølvsagt fortvilande for brukarane når dei ikkje får snakka med nokon eingong. Eg vil oppfordre DPS-ane om å informere betre når dei sender brev om avslag. Eg får mange telefonar om dette og meiner at pasientane bør få klare, gode svar. 

DPS eller avtalespesialist

Kor pasienten vil få hjelp avhenger av behovet han eller ho har. Nokon vil heller til avtalespesialistar enn på eit DPS, seier Sundfør. 

– Pasientar som ønskjer seg til avtalespesialistane, veit kven dei får som behandlar. Dei går til ein fast som kjenner dei godt, og det opplever dei som stabilt. Samstundes er det lettare å bli lagt inn på eit DPS om ein får hjelp der allereie. 

– Det beste for pasienten er sjølvsagt at folk nå vil få svar innan 10 dagar, men vi er spente på korleis det vil fungere. 

Tilbod i kommunane

Dei pasientane som ikkje får tilbod i behandling i spesialisthelsetenesta kan i staden få hjelp i kommunen sin. Utfordringa er at det er vanskeleg å vite kva slags tilbod som finst i kommunen, meiner Sundfør. 

– Vi opplever at ingen heilt veit kva slags tilbod kommunen har i dag. Eg håper dette blir betre framover, seier Sundfør, som oppfordrar til eit godt samarbeid mellom dei aktuelle instansane. 

– Eg håper at DPS-ane spiller meir på lag med brukarorganisasjonane framover. Mange pasientar kjenner ikkje til den nye tilvisingsordninga ennå, og det er viktig at vi alle informerer så godt vi kan.