Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ny fagdirektør i Helse Vest: Avtalespesialistane er viktige i det totale helsetilbodet

– Avtalespesialistar gir eit tilbod som supplerer helseføretaka godt, seier Bjørn Egil Vikse. Denne hausten har han tatt fatt på oppgåva som ny fagdirektør i Helse Vest. – Eg er opptatt av at vi framover skal bygge på den gode relasjonen og det tette samarbeidet vi har på dei ulike fagfelta på Vestlandet.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Mann i lyseblått skjorte, smiler i kameraet.

Det er berre nokre få månadar sidan han starta i ny jobb. Bjørn Egil Vikse, som nå tar over etter Baard-Christian Schem, er ny fagdirektør i Helse Vest RHF.

– Årsaka til at eg tok denne jobben var at eg vil bidra til at den kliniske kvardagen blir betre for medarbeidarar og pasientar. Som fagdirektør kan eg arbeida i overordna problemstillingar om korleis kvardagen vil bli i helseregionen vår framover. Det er veldig spennande å få jobbe med dette, seier Bjørn Egil Vikse. Det er eit stort lag som skal spele saman i spesialisthelsetenesta, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Her har spesialistane i avtale med Helse Vest ein klar plass.

– Avtalespesialistane er effektive, flinke og fagsterke og dei har ein unik moglegheit til å jobbe med store pasientvolum. Dei er gode på pasientbehandling og jobbar tett på førstelinja. For Helse Vest er det positivt å ha desse avtalane. Vi ønskjer å ta vare på dei på ein best mogleg måte, slik at avtalespesialistane har fagleg høg kvalitet og framleis kan gi gode bidrag til spesialisthelsetenesta.

Moglegheit til å påverka

Den siste tida har Vikse brukt på å setje seg inn i Helse Vest-verda. Ei lang og solid klinisk erfaring er noko av det han tar med seg inn i jobben. Han kjem frå jobben som klinikkoverlege og forskar innan nyremedisin ved Haugesund sjukehus og Helse Fonna, og har jobba tett på pasientane. Han har bakgrunn som professor ved Universitetet i Bergen, er sjølv spesialist i indremedisin og nyresjukdommar og har vunne prisar for innsatsen på nyrefeltet. Vikse har mange tankar om den nye jobben han har.

– Eg ser på dette som ei stilling med moglegheit til å påverka. Eg får jobba med fagpolitikk og føringane knytt til klinisk praksis. Helse Vest sett mange premissar for spesialisthelsetenesta på Vestlandet, og det er spennande å vere ein del av det.

–​ Spesialisthelsetenesta er i endring, seier Vikse, som trur han går store utfordringar i møte som fagdirektør i det regionale helseføretaket. Sjukehusa skal halde den gode kvaliteten på spesialisthelsetenestene oppe og auke pasienttryggleiken. Samstundes veit fagdirektøren, som andre i sektoren, at det faktiske biletet er at ressursane ikkje vil vekse slik dei har gjort, budsjetta blir strammare og rekrutteringa er allereie krevjande. Dette vil prege helsetenesta framover. Løysinga vil, mellom anna, vere gode system, samhandling som fungerer og eit helsevesen med tydelege roller. Vikse kjenner utfordringane godt.

– Vi er inne i ei tid med stor satsing på digitalisering. Det er heilt avgjerande for å løyse utfordringane våre. Rollene må vere avklarte og vi må betre samarbeidet mellom primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og avtalespesialistane. Ei utfordring i dag er at nokre pasientar vert tilvist fleire stader, og i verste fall får ulik konklusjon. Her må vi få til eit mykje tettare samarbeid. Det er både ressurssløsing og lite hensiktsmessig at ein pasient i dag blir administrert fleire stader. Det er heller ikkje godt for pasienten. Vår rolle i Helse Vest er viktig for å få til eit avklart samarbeid og eit godt system.

Tett band til avtalespe​​sialistane

Avtalespesialistane har ei sentral rolle i å supplere helseføretaka for å tilby best mogleg spesialisthelseteneste, meiner Vikse. Han er opptatt av at samarbeidet er nært og godt vidare, og at avtalespesialistane har ein tett dialog med det lokale helseføretaket og det regionale helseføretaket.

– Som avtalespesialist har du ein unik moglegheit til å jobbe med faget ditt. Dette er svært viktig for det heilskaplege tilbodet vårt. Eg spurte ein gong ein avtalespesialist om det ikkje var kjedeleg i lengda å jobba utanfor sjukehusa. Svaret var annleis enn det eg trudde det skulle vere. Han sa det var meir spennande, fordi han fekk jobba meir med faget sitt. Han slapp administrasjon, telefonar og møter og kunne konsentrera seg om sine eigne pasientar. Mange avtalespesialistar kommer nok tettare på pasientane enn det mange legar rekk å gjere på sjukehusa, seier Vikse.

Avtalespesialistar er ein nyttig del av spesialisthelsetenesta, meiner den nye fagdirektøren i Helse Vest. Framover blir det viktig å sjå på samspelet og korleis dei ulike tenestene kan spele kvarandre betre.

Vil løfte helseten​​esta

Den nye fagdirektøren har høge mål for framtida. Han vil ha gode nok system til å løfte helsetenesta for både medarbeidarar og pasientar. Dei som jobbar i spesialisthelsetenesta skal ha verktøy som gjer at dei opplever at dei kan gjere ein god jobb. Då vil og pasientane oppleve at dei får god hjelp, meiner han.

– Overordna skal vi leggje til rette for gode system, god kompetanse og gode sjukehusbygg. Med ein aldrande befolkning og færre i arbeidsfør alder framover, blir det helseføretaka si oppgåve å like fullt tilby gode og effektive helsetenester. Då må vi gjere klar for eit system som handterer tenestene for dei framtidige behova.

Sjølv flytta Vikse heim til Haugesund etter medisinstudiane i Bergen. Det ønskjer han at fleire skal gjere.

– Det skal vere bra å arbeide med helse på Vestlandet. Eg vil at vi skal ha meir attraktive arbeidsplassar her enn i andre regionar. Då må vi gjere Vestlandet attraktivt. Målet er at vi utdannar folk frå Vestlandet til å jobbe på Vestlandet. Dessverre ser vi at mange reiser austover etter end utdanning, det ønsker me å redusera.

Forsking i h​​eile regionen

Eit anna mål for Helse Vest og den nye fagdirektøren er å spreie forskinga betre i heile regionen. Det er store forskingsmiljø i Bergen og Stavanger. Det går føre seg forsking i dei mindre helseføretaka og,  men Vikse vil ha meir forsking både i Helse Førde og Helse Fonna.

– Det å drive med klinisk forsking aukar kvaliteten også i den kliniske drifta. Derfor er det viktig å spreie forskingsaktiviteten til alle sjukehusa. Samstundes leverer Helse Vest godt innan forsking. Vi konkurrerer godt med dei andre regionale helseføretaka og på fleire områder er vi vel så gode som andre. Når Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta (KLINBEFORSK) delte ut 100 millionar til klinisk forsking tidlegare i år, var fire av fem prosjekt frå Vestlandet. Det viser at vi er relevante og har eit spennande fagmiljø. Eg trur vi vil sjå mykje bra frå regionen vår dei kommande åra.

Ei utviklande rei​​se

Bjørn Egil Vikse starta i sin første legejobb ved Haukeland Universitetssjukehus i 2000 men har dei siste 5 åra i Haugesund hatt ansvaret for å ta godt imot medisinstudentar, LIS1 og LIS2 i Medisinsk Klinikk. Her jobba han blant anna med organisering og drift av legetenesta, opplæring av legar i spesialisering og kvalitetsarbeid, i tillegg til forskingsarbeidet.

– Det er ei utviklande personleg reise å jobbe i spesialisthelsetenesta. Eg trur at det er noko av det mest utviklande ein kan gjere. Ein blir kjent med seg sjølv og med menneske. Det å jobba med pasientar gjer at ein blir trygg på kva som er viktig i livet. Det har i alle fall endra meg som menneske.

Samstundes kan det vere fortvilande, meiner Vikse, når ein gjer sitt beste og systemet stangar imot.

– Helsepersonell har ofte ein god oppfatning av kva som hadde vært bra å gjere. Den er det viktig å lytte til. Her er det viktig for helseføretaka og oss i Helse Vest at me evnar å få fatt i gode løysingsforslag og forslag til forbetringar for å forsøke å gjere helsetenesta betre.

Kropp og trening​

Forskaren, professoren, legen og fagdirektøren har eit tett program. Energien får han av engasjement og ei mil el​ler to i beina i løpet av dagen. Han er aktiv triatlonar og prioriterer trening. Alltid. Derfor står racersykkelen klar i Helse Vest-gangen og venter når han kjem.

– Det er nydeleg å sykle i Stavanger-området. Eg tar meg ofte ein tur til Jæren eller Sola når eg er der. I kvardagen spring eg nærast kvar dag - elles hadde eg ikkje klart det tempoet eg har på jobb. Eg er fort han som springer klokka 06. Eller klokka 20. Med soloppgangen, før frukost, når eg skal reise. Eller etter siste arbeidsøkt på kvelden.

Den energien kjem godt med når han no skal vere med å finne dei beste løysingane på utfordringane som ligg framfor oss.