Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ei betre spesialisthelseteneste

I år gjekk startskotet for den nye ordninga om tilvising til psykisk helsevern, og frå januar blei pasientane tilvist til eitt vurderingsmottak i staden for direkte til behandlarane. Assisterande fagdirektør Ola Jøsendal i Helse Vest RHF har stor tro på den nye strukturen i psykisk helsevern.

Publisert 28.06.2023
En mann med armene i kors

Foto: Jorunn Busk

Ola Jøsendal.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

– Det har vore ein lang veg å komma her vi er i dag, men no er eg svært nøgt med ordninga. Eg har tro på at vi har laga eit godt system som blir betre både for pasientar, tilvisarar, føretak og avtalespesialistar, seier Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. 

Ein tilvising per pasient

1. januar var startskotet for ordninga «Ein veg inn til psykisk helsevern». Alle som tilvisar pasientar til psykisk helsehjelp skal nå tilvisa dei til éin stad, nemleg til mottak hos DPS-ane i helseføretaka. Når mottaket får tilvisinga, har dei 10 dagar på å vurdera om pasienten har rett på behandling i spesialisthelsetenesta eller ei. 

– Eg er nøgd med at vi har fått til ei god løysing til glede for både pasientane og dei som tilvisar til psykiatrien. Det aller viktigaste er sjølvsagt å lage ei ordning som er best mogleg for pasientane, og det meiner eg at vi har fått til no. Så er eg sjølvsagt spent på korleis det vil fungere i praksis i dei ulike føretaka, seier Jøsendal. 

Dei sjukaste først

Sikring av pasientretten og ei tydeleg prioritering av at dei sjukaste får hjelp først, står sentralt i den nye tilvisingsordninga som nå er satt i gang i helseføretaka i Helse Vest. Store ressursar er lagd ned i planleggingsgruppa, som har lytta på brukarar, tilvisarar og behandlarar før dei kom opp med ei ordning som skal vere best mogleg for dei involverte partane. Den nye ordninga vil først og fremst gjere det enklare for alle som tilviser pasientar til spesialisthelsetenesta.

– Tidlegare har fastlegane tilvist til fleire ulike behandlarar på ein gong i håp om å få svar hos ein. Ofte får dei nei på grunn av manglande kapasitet. No vil i staden helseføretaka gjere denne vurderinga, samstundes som føretaka får oversikt over kven som har ledig kapasitet. Innan 10 dagar skal føretaka gjere ei vurdering på om den tilviste pasienten har rett på behandling, fortsett Jøsendal.  

Dermed slepp både fastlegar og andre som tilviser til spesialisthelsetenesta å sende tilvisingar direkte til behandlarane. 

– Den store skilnaden for dei som tilviser, er at dei sender dette til ein stad som tar vurdering og dialog med behandlarar. Spesialistane sjølv har berre ei oppgåve i dette: dei skal melde frå til føretaka når dei har ledig kapasitet. 

Følgjer DPS-strukturen

I Helse Vest vart den nye ordninga knytt opp mot DPS-strukturen. Dermed har alle føretaka fleire tilvisingsmottak. 

– Det blir fleire mottak i eitt føretak. Vi veit at det er ein stor mangel på fagfolk i spesialisthelsetenesta. Fordelen med den nye ordninga er at vi no får ei total oversikt over kapasiteten i dei ulike føretaka. Då blir det lettare å prioritera riktig for pasientane og, seier han. 

Sjølv om strukturen snart er landa, er Jøsendal bekymra for rekrutteringa. Helseføretaka treng spesialistar som kan arbeide med pasientvurdering og bli ein del av desse mottaka. 

– Vi vil oppfordre avtalespesialistar til å bli med på dette og jobbe saman med føretaka i mottaka for å få denne ordninga så god som mogleg. Det er spesialistar som skal vurdere tilvisinga, og avgjere om den tilviste pasienten har rett til nødvendig helsehjelp 

Kapasitet og ventelister

I dag er det varierande ventetider for behandling innan psykisk helsevern, for enskilde grupper fleire månadar. Ein vil fylgje utviklinga av ventetid etter kvart som ordninga blir innarbeidd. Uansett vil grunnlaget for å prioritere pasientane bli monaleg betra når alle pasientar blir tilvist til eitt system. 

– Avtalespesialistane skal framover melde frå til tilvisingsmottaket om ledig kapasitet, føretaka skal vurdera kven som har rett på behandling og pasienten skal få saka si vurdert innan 10 dagar. Med betre oversikt og struktur, kan det til og med vere at ventetida går ned etterkvart. Det viktigaste er at dei sjukaste får hjelp først. 

– Fastlegane har lenge drøymd om ei slik ordning. Dei opplevde at dei gjekk i ein runddans, kor pasientar blei sendt att og fram utan å få behandlingsretten sin vurdert. Det var sjølvsagt krevjande for både fastlegane og pasientane. 

Ei betre spesialisthelseteneste

– Eg er sikker på at vi  får eit betre system og at vi no vil ivareta pasientane betre. Eg er sikker på at det vil bli betre og tettare kontakt mellom tenestene som blir levert av helseføretaka og avtalespesialistane, dette vil bidra til at den offentlege spesialisthelsetenesta samla sett blir betre. 

Jøsendal er nøgd med at «Ein veg inn» er i gang og seier at ordninga vil bli nøye evaluert undervegs. 

– Det har vore viktig å bruke mykje tid i starten på å lage ei solid og god ordning. Framover blir det minst like viktig å gjere ei prosessevaluering og hente ut erfaring tidleg for å sjå korleis ordninga fungerer, avsluttar Jøsendal. 

I dei neste sakane i dette nyheitsbrevet les du meir om kva andre involverte grupper tenkjer om ordninga.