logo Helse Vest

Ønskjer meir forsking i klinisk behandling

Avtalespesialistar kan ikkje aleine søkje Helse Vest om forskingsmidlar. – Gå saman med sjukehusa og skap gode prosjekt saman, er rådet frå forskingsdirektør Renate Grüner i Helse Vest RHF. Forsking på klinisk behandling er heilt sentralt framover, seier ho.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Prøveglass, illustrasjonsbilde
​Ho er eigentleg litt stolt, forskingsdirektør Renate Grüner i Helse Vest. Og det har ho god grunn til. Regionen skil seg nemleg ut på ei rekkje område og gjer mykje bra for morgondagens pasientar.
– Det skjer fantastisk mykje spennande innanfor forsking. Helse Vest får kvart år inn knallgode søknader om spennande forskingsprosjekt, og vi får mange fleire enn vi kan gi støtte til. Vi arbeider heile tida med å sikre ei best mogleg behandling for framtida. Gjennom kliniske behandlingsstudiar får ein rammeverket for å kunne prøve ut nye legemiddel, nye prosedyrar og ny teknologi. Det betyr og at forsking berre blir viktigare og viktigare for at vi kan fornye oss og ta i bruk ny kunnskap, seier Grüner.

Forskingsdirektør Renate Grüner seier det er mykje spennande forsking i helseføretaka i vest. Det lovar godt for morgondagens pasientar. Foto: Hanne Tveit, Hike

Ei hovuds​​​​atsing
Forsking er ei av fire hovudoppgåver som sjukehusa er ansvarleg for. Spesialisthelsetenesta skal sikre god behandling, forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.
– Omfanget av søknadar til Helse Vest vitnar om at det er høg kompetanse i regionen. Folk er opptekne av arbeidsplassen sin og faga sine. Forsking og innovasjon skapar god pasientbehandling. Samstundes sikrar vi at gode fagfolk trivst og blir i jobben sin gjennom å skape interessante arbeidsplassar, fortset ​​forskingsdirektøren.
Det er først og fremst studiar fokuserte på klinisk behandling som skal prioriterast framover. Det viser den gjeldande handlingsplanen frå Helse- og omsorgsdepartement, som kom i 2021. Måla er ambisiøse, med særleg vekt på at fleire pasientar skal få tilbod om å delta i kliniske studiar og at talet på studiar skal doblast dei neste fem åra. På sikt kan dette føre til ei omlegging av heile tenesta, der forsking og behandling går hand i hand, meiner ho, og viser til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023, der betre integrasjon mellom forsking og klinikk er nemnd.
Forsking + behan​​dling
– Målet med klinisk forsking er nettopp at forskinga blir integrert i sjølve pasientbehandlinga. Eit særleg godt døme der ein får dette til, er ved det første senteret for klinisk behandlingsforsking i Noreg, NeuroSysMed, ved Nevroklinikken i Helse Bergen. Senteret er etablert med finansiering frå Noregs Forskingsråd.  Forskingsrådet har også finansiert etableringa av ei anna storsatsing: Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) i Helse Bergen. Her blir digital helseteneste innanfor mental helse utvikla. Her er også samarbeidet med helsenæringa sterkt. Fagmiljøa i Helse Vest leiar også fleire, store nasjonale behandlingsstudiar finansierte av eit nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking – KlinBeForsk – blant anna ved Helse Fonna og Haraldsplass Diakonale Sjukehus.
Pasientar som blir med i kliniske studiar får ei rekkje fordelar, meiner Grüner. Dei får for eksempel tilgang til ny utøvande behandling og gjerne dei siste nye medisinane frå legemiddelindustrien. Eit anna eksempel er at allereie kjende medisinar blir testa på nye pasientgrupper. Undervegs får pasientane svært tett oppfølging, følgjer med på verknaden på eigen kropp og blir nøye observerte heile tida. Dei fleste pasientane er nøgde med at dei får tilgang til ny medisin og har generelt høg tillit til helsevesenet.
– Det er stort sett legane sjølv som rekrutterer pasientane inn til forskingsstudiane. Kanskje er legane med på eit prosjekt eller vil oppretta eit nytt. I Helse Vest er det særleg kreft, nevrologi og mental helse som det blir forska mykje på. Sentralt innanfor kreftforsking er immunterapi og persontilpassa medisin som har potensialet til å gjere at kreft etter kvart blir en meir kronisk sjukdom og mindre dødeleg. Helse Førde var første senter ut i den nye nasjonale kreftstudien «Impress», der molekylærdiagnostikk er nytta for å gi pasientar akkurat den medisinen som passar best til den enkelte.
God samhandli​​​ng i vest
Samarbeid om kliniske studiar ligg særleg godt til rette i Helse Vest. Alle føretaka er på same digitale infrastruktur klinisk, som enkelt sikrar kommunikasjon. Laboratoriesystem er knytte saman slik at prøver kan samlast i same system og enkelt analyserast på tvers. Helse Førde var nyleg fyrste føretak ut med digital patologiløysing. Parallelt til dei kliniske løysingane, er det utvikla strukturar for å handsama data for forsking og opne for analyser på desse.
– Digitale strukturar har endra tilgang til data og gjort det mogleg å sjå utviklinga av kvalitet i tenesta over tid. Helse Vest har ansvar for særleg mange av dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra der alle føretak deltar med data inn.
Denne teknologiske grunnmuren er nett blitt komplementært med eit system for å handsame juridiske, administrative og økonomiske spørsmål knytt til klinisk behandlingsforsking, EinVegVest.
 – I dag er brorparten av forskinga lokalisert til universitetssjukehusa, over 60 prosent i Bergen og nær 30 prosent i Stavanger. Mindre føretak og institusjonar har kring 10 prosent. Gjennom EinVegVest ønskjer vi å gjere det enklare for alle føretaka å ta del i klinisk behandlingsforsking og forsøke å samarbeide mykje meir på tvers av føretaka enn før.
Føretaka i regionen er tett involvert i nasjonale forskingsstøttenettverk som NorCRIN (leia frå Helse Bergen frå 2022) og NorTrials. NorTrials er nyleg etablert nasjonalt av regjeringa for å styrke samhandlinga mellom helsenæringa og det offentlege innan kliniske studiar (2022).
Avtalespesialistar og for​sking
Avtalespesialistar kan ikkje søkje om forskingsmidlar i Helse Vest aleine. Tildeling av forskingsmidlar krev eit apparat rundt forskinga, som blant anna forskingsinfrastruktur, internkontrollsystem for forsking og andre krav til ein forskingsansvarleg institusjon.
– Det er sjølvsagt mogleg for avtalespesialistane å ta del i og samarbeide med føretaka i Helse Vest gjennom forskingsprosjekt. Helse Vest er også svært opptekne med å ivareta pasientane i forskinga, både som deltakarar, men og for brukarinnspel til forskinga som gjerast. Eit miljø som har fått til dette særleg godt er demensforskingsmiljøet i Helse Stavanger.
Teknologi og framtida
Strategisk skal Helse Vest løfte ny forsking framover. Det blir blant anna oppretta eit heilt nytt forskingssenter innan protonterapi. Protonterapi er eit heilt nytt behandlingstilbod innanfor kreft i Noreg, og det blir nødvendig å byggje opp god tverrfagleg forsking.
– Vi går inn i ei spennande framtid. I utviklingsplanen fram mot 2035 ser vi at teknologi blir sentralt i behandlinga framover. Pasientane vil truleg også vere meir heime og rapportere heimanfrå, og i kliniske studiar. Målet er at pasientane mest mogleg skal sleppe å reise.
– Parallelt er det mykje mogleg i ny bygningsmasse, både teknologisk og organisatorisk, slik som i det nye sjukehuset som er under oppføring i Helse Stavanger. Me vil nok sjå ei endring ikkje berre i meir avanserte legemidlar, men også i teknologien som blir brukt. Nyare utvikling i bildediagnostikk er også i utvikling frå berre å kunne sjå anatomiske strukturar til å måle i sanntid korleis til dømes blodet straumar gjennom desse strukturane eller deira biokjemiske samansetning. Kunstig intelligens og andre analysemetodar blir nok meir vanleg i tida som kjem for å hjelpe til i dei medisinsk faglege vurderingane.
Det er altså mykje spennande på trappane i vest og resten av landet. Forskinga vil bidra til ei helseteneste som fokuser på meir presis diagnostikk og persontilpassa behandling. Samtidig vil forskinga bidra til ei berekraftig helseteneste med å kunne vere eit verktøy for å velje bort mindre effektive behandlingar.
– Vi vil sjå mykje spennande forsking frå vest dei kommande åra, både i tett samarbeid med andre sektorar og med helsenæringa, avsluttar forskingsdirektør Renate Grüner i Helse Vest.

Forskingsmidlar i Helse Vest

  • Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. For 2022 blei det totalt delt ut 220 millionar i forskingsmidlar til prosjekt i Helse Vest det neste året
  • 131 millionar kom over statsbudsjettet
  • 89 var midlar frå Helse Vest sine eigne rammer
  • I tillegg kjem det årleg ei tildeling av forskingsmidlar gjennom dei regionale helseføretaka sine program for klinisk behandlingsforsking. Beløpet er kring 130 millionar kroner per år
  • Helse Vest støttar årleg om lag 300 forskingsprosjekt i helseføretaka i regionen​



​​

Tildelingar

  • Forskingsmidlane blir tildelt av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, på vegner av styret i Helse Vest   
  • Samarbeidsorganet er sett saman av representantar frå Helse Vest, Universitetet i Bergen, Un​iversitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet 
  • Alle midlane blir tildelte etter innstilling frå eksterne vurderingskomitear
  • ​NB! Hugs at forskingsmidlane gjeld for helseføretaka. Avtalespesialistar må gå saman med sjukehusa i eit felles prosjekt for å få støtte til prosjekta.​​
​​​Lurer du på kva som skjer i vest? Orienter deg om forskingsprosjekt i helseføretaka i Helse Vest​