logo Helse Vest

Rehabilitering, private avtalar

Helse Vest RHF har i tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i Helse Vest. "Velg behandlingssted" gjeld også for dei private rehabiliteringsinstitusjonane.

Tilvising til dei private rehabiliteringsinstitusjonane

​Desse har av​​tale med Helse Vest:

​Be​rgen Rehabilitering​​​​

Nærland Rehabilitering​

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter

Åstveit Helsesenter

Falck Norge

PTØ-senteret Stavanger

Stiftelsen ​Barnas Fysioterapisenter​

​​Helse Vest RHF inngår ​avtaler om spesialisert rehabilitering med private rehabiliteringsinstitusjonar i tråd med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette inneber mellom anna at pasientane sine rettar blir regulerte av lov om pasientrettar. Tenestene blir gitt i form av dagtilbod, døgntilbod og rehabiliteringstilbod innanfor ordninga helse og arbeid.

Helse Vest varetar sørgje for-ansvaret sitt innanfor habilitering og rehabilitering gjennom tenester i helsefø​retaka, private sjukehus og i private rehabiliteringsinstitusjonar.

Sist oppdatert 14.02.2024