logo Helse Vest

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS (Hauglandsenteret) ligg i Fjaler kommune, sør-vest i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Senteret har døgntilbod til pasientar med kreft, sjukleg overvekt, nevrologiske sjukdommar, sanseforstyrringar, hjerneslag og erverva hjerneskader, kroniske muskel- og blautdelssmerter, samansette og/eller komplekse lidingar, arbeidsretta behandling og gruppetilbod for barn og ungdom.

En bygning med et snødekt landskap
 Foto: Steinars Foto & Repro​
 ​Hauglandsenteret har eit døgntilbod til følgjande diagnosegrupper:
  • Kreft (eige tilbod for brystkreft)
  • Sjukleg overvekt
  • Nevrologiske og nevromuskulære lidingar (eigne gruppetilbod for Parkinson, MP og CP)
  • Sanseforstyrringar (gruppeopphhald for Tinnitus, Vestibulær sjukdom og Menière)
  • Hjerneslag og erverva jherneskade
  • Samansatte og/eller komplekse lidingar (gruppetilbod for Multiple Osteokondromer (MO)/Olliers sjukdom og Osteogenesis Imperfecta (OI))
  • Multiple Osteokondromer (MO)/Olliers sjukdom
  • Kroniske muskel- og bløtdelssmerter
  • Rehabilitering med arbeid som mål - arbeidsretta rehabilitering
Hauglandsenteret tilbyr også re-/habilitering for barn og ungdom med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting frå 6-17 år. Det kan vere barn og unge som har ei fysisk funksjonsnedsetting og/eller har vore gjennom ei alvorleg sjukdom.

​Hovudinnhaldet i tilbodet ved Hauglandsenteret

​​Mål for rehabiliteringa

  • Innlæring av hensiktsmessige strategiar for å meistre sjukdom og ny livssituasjon
  • Oppretthalde / betre funksjonsevna og redusere følgjetilstandar av sjukdom
  • Utprøving av tilpassa fysisk og sosial aktivitet som pasienten kan vidareføre heime
  • Motivere til endring og aktiv deltaking i eigen rehabiliteringsprosess
    Oppretthalde eller auke deltaking sosialt og i arbeidsliv

Tiltak for å nå måla:​

  • Tverrfagleg spesialisert rehabilitering med fokus på tilpassa fysisk aktivitet, kognitive endringsprosessar og tiltak retta mot auka sosial deltaking, evt. arbeidsdeltaking.
  • Tverrfagleg kartlegging av funksjonsevne med fokus på å styrkje pasienten sine eigne ressursar og moglegheiter
  • Praktisk og teoretisk undervisning i aktuelle tema
  • Kognitiv terapi i gruppe og individuell kognitiv terapi ved behov
  • Tilpassa fysisk aktivitet individuelt og i gruppe, under rettleiing og evt. på eigehand
  • Individuell oppfølging i ADL-trening og trening av kognitive funksjonar ved behov
  • Dersom aktuelt, vurdering og utprøving av hjelpemiddel / aktivitetshjelpemiddel
  • Metodar: Tverrfagleg spesialisert rehabilitering; ICF-kartlegging; individuelt tilrettelagte aktivitetar individuelt og i gruppe; fysikalsk behandling; trening etter metodar som trappetrinnsmodell, LSVT, Bobath, Basal kroppskjennskap, friluftsliv; psykoedukasjon; gruppesamtale og motiverande intervju.

Hauglandsenteret har døgntilbod om arbeidsretta behandling der ein legg vekt på:

  • Avklaring og betring av meistrings-, funksjons- og arbeidsevne samt medisinske problemstillingar, med mål om raskare tilbakekomst til arbeid.
  • Bevisstgjering av samanhengen mellom arbeid og helse.
  • Trygging og avlæring ved kinesiofobi/ fear avoidance behaviour. Auke motivasjon til deltaking i arbeidslivet.

Bistandsbehov

​Alle pasientar ved Hauglandsenteret får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan om lag 18 prosent av døgnplassane ved senteret ta imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar.

Hauglandsenteret kan også ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 6) innanfor pasientgruppene kreft, nevrologi, hjerneslag og hjerneskadar, og barn og ungdom med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting.

Faggrupper

Tverrfagleg rehabilitering ved Hauglandsenteret blir utført av følgjande faggrupper:​​

  • Legar (inkl. spesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering, og psykiater)
  • Sjukepleiarar
  • Fysioterapeutar
  • Ergoterapeutar
  • Idrettspedagogar​​​
  • Klinisk ernæringsfysiolog
  • Sosionom/attføringskonsulent
  • Tilgang til logoped
  • Tilgang til relevante legespesialitetar

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
6968 Flekke

Telefon: 57 73 71 00

E-post:
inntak@rkhr.no​

Heimeside:
www​.rkhr.no​​​

Sist oppdatert 21.02.2024