Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Halvårssamling for nasjonale medisinske kvalitetsregister

Det inviteres til halvårssamling for tilsette i og ansvarlege for nasjonale medisinske kvalitetsregister forankra i Helse Vest.

2.
november
2026
  1. 02. nov. 2026, 09:00 - 15:00

Målgruppa har fått tilsendt invitasjon via outlook.

Tid og stad

Når
  1. 02. nov. 2026, 09:00 - 15:00
Arrangør
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest.
Kvar
Haukeland universitetssjukehus, Bikuben

Deltaking: Målgruppa har fått tilsendt invitasjon via outlook. Dersom du ikkje har motteke invitasjon, send e-post til kvalitetsregistre@helse-vest.no.

 

Program

09.00-09.15: Velkomen og innleiing v/Kari Guldbrandsøy, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest

09.15-10.15: Bruk av registerdata - Fagsenteret si rolle v/Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest

  • Analyse/statistikk v/Per Erik Haugedal
  • Forsking v/Fatemeh Zamanzad Ghavidel
  • Kvalitetsforbetring v/Eirik Kvam Goksøyr
  • Spørsmål/diskusjon

10.15-10.30: Pause 

10.30-11.30: Paneldebatt: Korleis skaper ein meir verdi av data i kvalitetsregistera? 

I panelet:

  • Philip Skau, leiar for Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre ved SKDE
  • Karianne Fjeld Løvaas, registerleiar, Norsk diabetesregister for voksne
  • Stig Wergeland, registerleiar, Norsk MS-register og biobank
  • Ove Furnes, registerleiarr, Nasjonalt register for leddproteser
  • Øyvind Østerås (konst. direktør, Kirurgisk Serviceklinikk, Helse Bergen HF)

Moderator: Bjørg Tilde Svanes Fevang, registerleiar NorArtritt

11.30-12.15: Lunsj

12.15-13.00: Forskingsfinansiering v/Avdeling for forsking og innovajson, Helse Bergen HF

  • Helse Vest sine forskingsmidlar v/Anne Marie Haga
  • Andre finansieringskjelder v/Hanne Gravermoen

13.00-13.30: Kvalitetsforbetring vs. forsking v/Frida Ohrvik Knudsen, Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest

13.30-13.45: Pause

13.45-14.15: Kloke val og nasjonale kvalitetsregister - same mål, skilte vegar? v/Anne Grimstvedt Kvalvik, Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE)

14.15-14.45: European Health Data Space (EHDS) - status hausten 2026 og konsekvensar for kvalitetsregistera v/Ragnhild Valen, Folkehelseinstituttet

14.45-15.00: Aktuelle saker og avslutning v/Kari Anne Guldbrandsøy

  • Ny stadieinndeling
  • Strategisk handlingsplan
  • Automatisert datafangst
  • Oppsummering og vegen videre