Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som står sammen

Godkjent: 06.05.2015 - rev. januar 2026 (layout)

HMS-strategi for føretaksgruppa i Helse Vest

Vi i føretaksgruppa Helse Vest, heretter kalla Helse Vest, har ansvar for å yte  spesialisthelsetenester til befolkninga på Vestlandet. Føretaksgruppa Helse Vest består av Helse Førde HF, Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Stavanger HF, Sjukehusapoteka Vest HF, Helse Vest IKT og Helse Vest RHF.

HMS-strategien legg verdiane våre og gjeldande lov- og regelverk til grunn. 

Verksemda vår skal vere kjenneteikna av høg HMS-standard. HMS-strategien gjeld for alle medarbeidarar i Helse Vest. Dette omfattar også dei som utfører oppdrag på vegner av helseføretaka eller Helse Vest IKT AS.

 

HMS-arbeid er å skape en trygg, sikker og triveleg arbeidsdag.
Definisjon av HMS

 

Vi som arbeider i Helse Vest

Vi skal kjenne verdiane til Helse Vest og leggje dei til grunn for arbeidet vårt.
I Helse Vest melder vi frå om uønskte hendingar og avvik til leiaren, og vi registrerer dei i avviksystemet Synergi. Teieplikta er ikkje eit hinder for å melde frå om forsømingar og andre uhaldbare eller lovstridige forhold.

Visjon

Helse Vest skal vere leiande innanfor HMS-arbeid, og alle skal prioritere førebygging. Føretaka i Helse Vest skal vere blant dei fremste innan offentleg eigde verksemder på systematisk førebyggjande HMS-arbeid.

HMS skal vere ein sjølvsagt del av arbeidsdagen. 

I Helse Vest skal vi ha brukarvennlege system, som skal vere lett tilgjengeleg for leiarar og medarbeidarar. Leiarar og medarbeidarar involverer seg og har høg merksemd for å unngå uønskte hendingar, skadar, vald og truslar.

 


1.1 Mål for HMS-arbeidet

  • Vi skal prioritere førebyggjande arbeid innanfor helse, miljø og sikkerheit.
  • Vi skal utvikle ein haldning der helse, miljø og sikkerheit skal vere ein integrert del av kvardagen, med klare roller og ansvar.
  • Vi har ein kultur der HMS og pasienttryggleik er ein del av same sak, der begge til saman bidrar til ein god HMS-kultur og god pasienttryggleik, og speglar kvalitetskulturen i føretaksgruppa.
  • Vi skal ha eit arbeidsmiljø som er prega av tryggleik og respekt. Som medarbeidarar i føretaksgruppa Helse Vest skal vi bidra til eit godt arbeidsmiljø og behandle kollegaene våre med respekt og omtanke.
  • Vi skal gi leiarar og medarbeidarar god opplæring i HMS-arbeidet. Vi skal ha 
    brukarvennlege HMS-system.
  • Vi skal ha ein HMS-strategi som skal vere til hjelp for leiarar og medarbeidarar på alle nivå, når dei skal setje eigne mål og lage eigne handlingsplanar.
  • Vi legg vekt på engasjement og medverknad der alle ser, som ein viktig del av ein større heilskap, som bidrar til kva vi sjølve kan gjere, og korleis vi kan oppnå eit betre arbeidsmiljø.
    1.2 Helseføretaka sitt ansvar
    Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivar mellom anna å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag 
    for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, og som gir full tryggheit mot 
    fysiske og psykiske skadeverknadar. Leiarar og medarbeidarar bidrar til medverknad. Leiar 
    kan ikkje delegere HMS-ansvaret!
    1.3 Rapporterings- og varslingsplikt
    Vi pliktar å melde frå til arbeidsgivaren om forhold vi blir kjende med, som kan påføre 
    pasientar, arbeidsgivar, medarbeidarar eller omgivnadene tap eller skade. På den måten 
    kan vi setje i verk tiltak for å unngå eller avgrense tapet eller skaden.
    Dersom vi oppdagar svikt i tenestene eller i behandlinga og pleia av pasientar, pliktar vi å ta 
    det opp med den nærmaste overordna, og elles følgje dei etablerte rutinane som gjeld for 
    melding om avvik eller hendingar.
    Vi skal følgje reglane om plikt til avhald. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er ein trussel 
    for kvaliteten på arbeidet som skal utførast, for pasientbehandlinga og tryggleiken mellom 
    kollegaer. Vi skal varsle nærmaste overordna dersom vi oppdagar at ein kollega er påverka 
    av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida.
    Mobbing eller trakassering av kollegaer skal ikkje skje. Vi pliktar å melde frå til leiar eller 
    verneombod om kollegaer blir utsette for trakassering eller diskriminering.
    3
    1.4 Medarbeidaren sitt ansvar
    • Samarbeide med leiinga i helseføretaket om arbeidsmiljø- og sikkerheitstiltak.
    • Følgje rutinar og reglar.
    • Bruke verneutstyr som er tilgjengeleg.
    • Følgje nødvendig opplæring.
    Arbeidsmiljølova føresett eit medverknadsansvar. Vi stiller oss ikkje på sida av prosessar og 
    tiltak.
    1.5 Suksesskriterier for å nå måla
    Vi prioriterer 
    førebyggjande
    HMS-arbeid
    God leiarforankring på 
    alle nivå i organisasjonen
    Enkelt og konkret 
    HMS-system
    Alle har tilgang til PC 
    og tilstrekkelege 
    datakunnskap
    HMS-systemet er kjend og blir 
    brukt av medarbeidarar og 
    leiarar på alle nivå
    Klar informasjon om ansvar, 
    myndigheit og oppgåver
    Gode og lett tilgjengelege 
    elektroniske 
    dokumentstyringssystem
    Systemet er til ein kvar tid 
    oppdatert
    Avvik og uønskte hendingar 
    blir melde, og brukt til 
    systematisk 
    forbetringsarbeid
    God medverknad frå 
    vernetenesta
    God opplæring for alle 
    medarbeidarane, spesielt 
    linjeleiinga og verneomboda
    Riktig kompetanse hos 
    HMS-personalet og 
    vernetenesta
    4
    2.0 Roller i HMS-arbeidet
    Arbeidsmiljøutval (AMU)
    Eit utval samansett av arbeidsgivar- og arbeidstakarrepresentantar, med like 
    mange representantar frå kvar. Behandlar viktige og prinsipielle 
    arbeidsmiljøsaker. (Helseføretaka har organisert AMU/HMS i verksemda, slik 
    at det også er etablert klinikk- eller divisjons-AMU).
    Hovudverneombodogverneombod
    Medarbeidarane i føretaket vel eller peiker dei ut. Arbeider med 
    arbeidsforhold for alle medarbeidarar i alle yrkesgrupper. Det er eit 
    føretakshovudverneombod, klinikk- eller divisjonshovudverneombod, og 
    derunder verneombod på dei aller fleste einingane.
    HMS-einingane/bedriftshelseteneste
    Rådgivande i arbeidsmiljøspørsmål, som er i kvart føretak.
    HMS-rådet
    • rådgivandeiHelseVestiHMS-spørsmål
    • representantarfrå vernetenesta og HMS-einingane
    2.1 HMS-møtestadar
    For å styrke det førebyggjande HMS-arbeidet,
    • erHMSfasttemaiallestyremøte
    • erHMSeinnaturleg ogintegrert del iavdelingsmøte på alle nivå
    • er HMS ein integrert del av arbeidsdagen
    • blir det gjennomført vernerundar i alle einingar
    • blir alle uønskte hendingar og nesten-hendingar melde i avvikssystemet
    5
    3.0 Føretaksgruppa Helse Vest
    Regional forankring
    For å styrke HMS-arbeidet i føretaksgruppa, er det behov for at det regionale helseføretaket 
    (RHF-et) får tilstrekkeleg dialog. På den måten kan RHF-et gi råd, bidra til å løfte fram tema og 
    leggje føringar for mål og innsatsområde for HF-a. I tillegg kan RHF-et bidra til å utvikle felles 
    HMS-strategi og system.
    Konsernhovudverneombodet
    Konsernhovudverneombodet har ansvar for å koordinere føretakshovudverneomboda si 
    medverknad opp motHelse Vest RHF.
    OppgåverforHMS-rådetiHelseVest
    • forslag til føringar i samsvar med HMS-måla
    • HMS-system
    • HMS-undersøkingar
    • prosjekt
    • felles opplæring
    • erfaringsoverføring
    • felles indikatorar og rapportering
    3.1 Viktige områder for opplæring innan HMS
    Psykososiale tema
    Ergonomi/forflytningsteknikk
    Handtering av vald og truslar
    Kjemikaliehandtering
    Smittevern
    Brannvern
    6
    4.0 HMS-systemet
    HMS-systemet følger oppbygginga i HMS-forskrifta. Internkontroll inneberer at verksemda skal
    • sørgje for at lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga, som gjeld for 
    verksemda, er tilgjengeleg, og ha oversikt over dei krav som er av særleg viktigheit for 
    verksemda
    • sørgje for at medarbeidarane har tilstrekkeleg kunnskapar og ferdigheiter i det 
    systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, inkludert informasjon om 
    endringar
    • sørgje for at medarbeidarane medverkar slik at samla kunnskap og erfaring utnyttast
    • fastsette mål for helse, miljø og sikkerheit
    • ha oversikt over organisasjonen, inkludert korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for 
    arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelt
    • kartleggje farar og problem, vurdere risiko, og utarbeide tilhøyrande planar og tiltak 
    for å redusere risikoforholda
    • sette i verk rutinar, for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på krav fastsett i, eller i 
    medhald av, helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga
    • foreta systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen, for å sikre at den 
    fungerer som føresett
    Vi byggjer ein trygg, sikker og triveleg arbeidsdag gjennom å
    • førebyggje
    • brukehjelpemidlar, verneutstyr og gjennomgå HMS-opplæring
    • læreav uønskte hendingar
    Avvik og uønskte hendingar
    • Rapportering av avvik og uønskte hendingar er eit viktig ledd i det førebyggjande 
    HMS-arbeidet.
    • Den enkelte medarbeidar skal oppleve at vi verdsett ein god meldekultur
Sist oppdatert 27.03.2026