Kart

Framskriving og demografi

Framskriving av aktivitet inngår som ein del av planarbeidet i spesialisthelsetenesta for å vurdere framtidige behov for kapasitet. Framskrivingane inneber i hovudsak vurderingar av befolkninga sin bruk av og behov for spesialisthelsetenester, og korleis dette vil kunne utvikle seg framover.

Regional utviklingsplan 2027 - 2041
Publisert 25.08.2026
Sist oppdatert 27.08.2026

Befolkningsutvikling

Befolkninga i Helse Vest er venta å vekse fram mot 2040, men utviklinga er ulik mellom opptaksområda. Endringar i både folketal og alderssamansetjing vil påverke behovet for spesialisthelsetenester i åra framover.

Framskrivingane viser at folketalet i Helse Vest samla er venta å auke med om lag 4,3 prosent frå 2026 til 2040. Utviklinga varierer mellom opptaksområda. Helse Bergen og Helse Stavanger får størst vekst, medan folketalet er om lag uendra i Helse Fonna og går noko ned i Helse Førde.

Fleire eldre og svakare vekst i yrkesaktiv alder

Alderssamansetjinga i befolkninga endrar seg tydeleg fram mot 2050. Talet på innbyggjarar i yrkesaktiv alder aukar fram mot 2030, men er deretter venta å gå ned. Samtidig aukar talet på eldre, og veksten er særleg sterk blant dei som er 80 år og eldre.

Utviklinga inneber at ein større del av befolkninga vil vere i aldersgrupper som har høgare behov for helse- og omsorgstenester, samtidig som veksten i den delen av befolkninga som utgjer rekrutteringsgrunnlaget for arbeidslivet, stagnerer. Dette vil påverke både behovet for spesialisthelsetenester og tilgangen på arbeidskraft i åra framover.

Aldringa skjer i heile regionen, men utviklinga er ulik. I Helse Fonna og Helse Førde er talet på innbyggjarar i alderen 20–66 år venta å gå ned, samtidig som talet på innbyggjarar over 80 år aukar med rundt 60 prosent. Helse Bergen og Helse Stavanger får vekst også i aldersgruppa 20–66 år, men veksten blant dei eldste er langt sterkare.

Behovet for spesialisthelsetenester aukar

Befolkningsutviklinga og endringar i alderssamansetjinga vil gi endra og samla sett auka behov for spesialisthelsetenester i åra framover. Utviklinga vil variere mellom fagområde og behandlingsformer.

Framskrivingane viser størst vekst innan somatiske tenester. Aldringa i befolkninga gir eit sterkt demografisk press på somatikken, særleg på døgnbehandling. Den nasjonale framskrivingsmodellen tek også omsyn til andre utviklingstrekk som kan både auke og dempe aktivitetsveksten. Innan psykisk helsevern og TSB er samanhengen med demografi svakare, og andre utviklingstrekk har større betydning for aktivitetsutviklinga.

Om tala og framskrivingane

Befolkningsframskrivingane byggjer på data frå SSB. 2026 er overgangsåret mellom historiske data og framskrivinga. Tala etter 2026 er framskrivingar.

Aktivitetsframskrivingane viser to alternative utviklingsbaner fram mot 2045. Den demografiske framskrivinga byggjer på SSB sine befolkningsframskrivingar og viser utviklinga når endringar i folketal og alderssamansetjing blir lagde til grunn. Den nasjonale aktivitetsframskrivingsmodellen tek i tillegg omsyn til føresetnader om mellom anna aktivitetsvekst, medisinsk utvikling, endra behandlingsformer, digital oppfølging og utvikling i pasientforløp. Føresetnadene varierer mellom somatikk, psykisk helsevern og TSB.

Begge aktivitetsframskrivingane tek utgangspunkt i aktivitet rapportert til Norsk pasientregister (NPR) i 2025. Den demografiske framskrivinga byggjer på SSB sine befolkningsframskrivingar frå 2026, medan den nasjonale modellen byggjer på dei reviderte nasjonale framskrivingsmodellane frå 2026.