Handlingsplan for varetaking av personar med kognitiv svikt og demens i Helse Vest
Den regionale handlingsplanen for varetaking av personar med kognitiv svikt og demens i Helse Vest gjeld for perioden 2026-2030, og er utarbeidd på oppdrag frå styret i Helse Vest RHF.
Planen gjeld for alle helseføretak og private ideelle sjukehus i regionen, og bygger på anbefalingar frå den interregionale rapporten Organisering av utredning av demens og kognitiv svikt i spesialisthelsetjenesten (med vedlegg), behandla i styresak 137/24 til styret i Helse Vest RHF.
Planen skal fremme eit heilskapleg spesialisthelsetenestetilbod til pasientar med demens og kognitiv svikt i Helse Vest. Han legg vekt på tydeleg ansvarsfordeling, kompetanseheving og styrkt samhandling mellom spesialisthelsetenesta, fastlegar og kommunale tenester.
Planen består av to hovuddelar. Den første delen gjer greie for bakgrunn, organisering, og avgrensingar mot relevante tema som ikkje blir omtalt i tiltaksform. Den andre delen er ein tematisk inndelt tabell med anbefalingar frå den interregionale rapporten og tilhøyrande tiltak.
Tiltaka i handlingsplanen skal kunne tilpassast lokale forhold, og er utforma med mål om å styrke kvalitet, pasienttrykkleik og samhandling, og eit meir koordinert og tilgjengeleg tenestetilbod.