Hvite og oransje symboler som hjerte, øye og lege på gul bakgrunn.

ForBedring

Arbeidsmiljø, pasientsikkerheit og HMS heng saman og påverkar kvarandre. ForBedring er eit verktøy som skal bidra til å se på desse tre områda samla.

ForBedring er ei årleg medarbeidarundersøking i spesialisthelsetenesta landet over. ​Undersøkinga er laga for å avdekkje utfordringar, støtte lokalt forbetringsarbeid og bidra til at sjukehusa utviklar seg i riktig retning, til beste for både pasientar og medarbeidarar. Alle einingar ved alle sjukehusa lagar handlingsplanar med tiltak for å styrkje det som er bra og forbetre det som kan. Dette er eit kontinuerleg arbeid.

Målet med ForBedring-undersøkinga

Undersøkinga er eit viktig tiltak for eit kontinuerleg lokalt forbetringsarbeid i kvar enkelt avdeling, klinikk og føretak/verksemd. ForBedring blir gjennomført i helseføretak, felleseigde føretak og private ideelle.

Oppslut​ninga om undersøkinga er god år for år. Det er viktig at ​medarbeidarar opplever at det nyttar å seie ifrå.

Undersøkinga skal sikre varetaking av kravet til kartlegging i høve til lover og forskrifter om systematisk forbetringsarbeid:

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter​​

Forskrift om ledelse og kvalitet​​sforbedring i helse- og omsorgstjenesten

Resultatrapport ForBedring - Nasjonal rapport frå undersøkinga i 2024.pdf

Sist oppdatert 18.09.2024