logo Helse Vest

Trippelprosjektet SSA (skadeleg seksuell åtferd)

Spesialkompetanse på problematisk (PSA) og skadeleg (SSA) seksuell åtferd blant barn.

Internasjonal forsking viser over tid at 30-50 prosent av alle registrerte seksuelle overgrep mot barn (0-17 år), har vore utøvd av andre mindreårige. Problematisk (PSA) og skadeleg (SSA) seksuell åtferd blant barn kan utøvast både i fysiske møte og eller ved bruk av internett og teknologi. 

Gjennom åra har det blitt sett inn mange tiltak for betre å kunne hjelpe barna som utsettast for ulike typar overgrep, men også barn som har utøvd PSA og SSA har behov for vidare rettleiing, behandling eller annan type hjelp. Dette for vidare å utvikle seg nærare pro-sosial og pro-seksuell utvikling – og for å redusere eller stoppe ny uønskt åtferd og forhindre ytterlegare skadar. 

Sidan 2017 har sentrale styresmakter i Noreg satsa på å utvikle betre basis og spesialkompetanse på PSA og SSA – blant anna hos tilsette i spesialisthelsetenesta for barn og unge (psykisk helsevern, habiliteringstenesta). 

Trippelprosjektet SSA

Det er i 2023 inngått ein avtale mellom Helse Vest og Helsedirektoratet for å vidareføre arbeidet som tidlegare har vore gjennomført i spesialisthelsetenesta. Betanien sjukehus i Bergen skal leie prosjektet på vegner av Helse Vest. Prosjektperioden er 2023 (april) – 2026 (juni).

Budsjettramme er 5,3 millionar.

  1. Det opprettast ein kunnskapsdatabase (digital) kor beste kunnskap på feltet er lett tilgjengeleg for klinikare i spesialisthelsetenesta.  
  2. Innsamling av data frå klinisk praksis i spesialisthelsetenesta knytte til problematisk eller skadeleg seksuell åtferd som grunnlag for evaluering av klinisk praksis, fagutvikling og forsking.  
  3. Vurdere om og korleis eit kvalitetsregister innan SSA, både innan psykisk helsevern og habiliteringstenesta, kan etablerast. 

Tarald Sæstad (HNO) 

Bente Hustad (HMN)  

Thomas Vestre Hansen (HSØ)/ Miriam Kristine Sandvik (HSØ) 

Gunnhild Berglen (ragionalt brukarutval) 

Sebastian Blancafor (regionalt brukarutval) 

Martin Sjøly (Helsedirektoratet)  

Carina Paulsen Mæland (HVE, leiar av styringsgruppa)  

Monica Jensen (Betanien, prosjektleiar) 

Eli Julseth Birkhaug (Betanien)

Torunn Helene Gammelsrud Finpå, Habiliteringstjenesten/Sykehuset Østfold HF 

Irene Kjærnstad, Avdeling for habilitering, Sykehuset Innlandet HF 

Andrea Melø, BUPA/Sykehuset i Vestfold HF 

Eva M. Mørch, V27/BUP/DPS/Betanien sjukehus

Nina Nyberg, V27/BUP/DPS/Betanien sjukehus

Malin Lillenes Tvedt, Habiliteringsavdelingen, Helse Fonna HF 

Margrethe Bals Utsi, SANKS/BUP Karasjok/Finnmarkssykehuset HF 

Helse Vest 

Carina Paulsen Mæland

E-post: carina.paulsen.meland@helse-vest.no

Nærmare overordna prosjektplan kan eventuelt delast med interesserte – kontakt prosjektleiar:

Sist oppdatert 21.09.2023