Hopp til innhold
logo

Offentleg postjournal

Vi ønskjer å gi god service til media og andre som ønskjer innsyn hos oss. Gjennom lova om offentlegheit, er alle sikra innsyn i ulike saksdokument. Alle dei siste postjournalane blir lagde ut så snart dei er klare.

Du kan få eldre postjournalar ved å kontakte Helse Vest RHF på e-postadressa under.

 

  • Sende ein e-post til post@helse-vest.no​
  • Ringje 51 96 38 00​

​Førespurnaden ​må gjelde saksdokument i ei eller fleire konkrete saker. ​Dokumentet vil bli sendt ut per post ​eller e-post.

Som hovudregel skal ​saksdokument i den offentlege forvaltninga vere opne for innsyn. Dersom du får avslag på innsyn, skal det alltid visast til paragrafen i offentleglova som gir grunnlag for å sjå bort frå dokumentet eller opplysningar i dokumentet frå innsyn.

Vi gjer merksam på at offentleg journal ikkje inneheld korrespondanse knytt til personalmappene og tilsetjing​​ssaker i føretaket. Dersom du ønskjer innsyn i desse dokumenta, kan du senda førespurnad per e-post til  post@helse-vest.no.

 

Reglar for innsyn finn d​u i offentleglova

 

20​​​​23

 

2022

Sist oppdatert 27.03.2023
Fann du det du leita etter?