Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Helsepersonell får digital tilgang til journalinformasjon frå alle sjukehus i Helse Vest

No er pasienten sine journaldokument frå sjukehus i Helse Vest tilgjengeleg i kjernejournalen til pasienten. – Med dei nye tenestene som vi tar i bruk no, er kjernejournal endeleg på veg til å bli eit verkeleg nyttig verktøy i kvardagen til helsepersonell, seier Sveinung Gangstø, legespesialist og medisinsk rådgivar.

Publisert 22.11.2023
Mann i grå genser

Foto: Helse Vest IKT

Saka kort oppsummert

  • No er pasienten sine journaldokument frå sjukehus i Helse Vest tilgjengeleg i kjernejournalen til pasienten
  • I løpet av 2024 vil også sjukehuspersonell få tilgang til journaldokumenta til pasienten på tvers av helseregionar, ikkje berre internt i eigen region
  • Det vil gi helsepersonell raskare tilgang til helseopplysningar som igjen kan gi eit betre avgjerdsgrunnlag for å yte forsvarleg helsehjelp

 

Dette betyr at alle med tilgang til kjernejournal via systemet for pasientjournal, kan sjå på dokumentlista for pasientane dei behandlar. Helsepersonell som har tilgang til kjernejournal får tilgang til dokumentlista frå sjukehus i Helse Vest og Helse Sør-Øst. 

Førebels vil berre fastlegar ha tilgang til å kunne opne og lese journaldokument for pasientane sine. Løysinga vil bli utvikla, og fleire grupper av helsepersonell vil få tilgang - som til dømes helsepersonell i dei kommunale legevaktene. 

Helsehjelp

I løpet av 2024 vil også sjukehuspersonell få tilgang til journaldokumenta til pasienten på tvers av helseregionar, ikkje berre internt i eigen region. Det vil gi helsepersonell raskare tilgang til helseopplysningar, som igjen kan gi eit betre grunnlag for å yte forsvarleg helsehjelp. 

– Det vil vere av stor nytte for legevakt og akutte døgneiningar i kommunane å få tilgang til tenesta for dokumentdeling, meiner Gangstø. 

Fleire prosjekt

Han forklarar at dokumentdeling på legevakt gir betre grunnlag for dei avgjerdslene  legane må ta, og på den måten vil føre til betre helsehjelp for pasientane. 

– Dei slepp å bruke ekstra tid på å prøve å hente manglande informasjon. I dag skjer det også ein del akuttinnleggingar på grunn av manglande kjennskap til undersøkingar og vurderingar som er gjorde tidlegare. Dokumentdeling kan redusere unødige akuttinnleggingar, seier han.

Både nasjonalt og i Helse Vest er det fleire store prosjekt innan digital samhandling. Mellom anna skal prosjekta Prøvesvaret til pasienten, Kritisk informasjon, og Pasientens legemiddeliste bidra til informasjonsutveksling via kjernejournalen til kvar enkelt pasient.