Retningslinjer for doktorgradsstipend
Helse Vests doktorgradsstipend skal bidra til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse i bredda av fagfelt og helseføretaka i Vest.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Stipendiaten skal sjølv stå som søkjar, og stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjar må ha godkjent masterutdanning eller motsvarande (jf. krav om karakterutskrift som skal leggjast ved søknaden). Søkjarar med utanlandsk grad må dokumentere korleis denne blir vurdert i høve til norsk høgare grads eksamen.
Anten søkjar, hovudrettleiar eller prosjektleiar må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Tilsetjinga må komme fram i CV til søkjar, hovudrettleier og eller prosjektleiar.
Om tilsetjingskrava ikkje er oppfylte, kan personar sett til ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon, sjå kven kan søkje forskingsmidlar. Namn på rettleiarar, prosjektleiar og anna skal gå fram av deltakarlista, jf. søknadsskjema. Minst éin av rettleiarane skal vere sett til ved eit universitet eller høgskule i regionen. Hovudrettleiar må ha hovudstilling ved ein institusjon i Noreg, som hovudregel i regionen.
Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Kva kan det søkjast om
Doktorgradsstipend kan tildelast for inntil tre år i 100 prosent stilling eller seks år i 50 prosent stilling.
Stipendet blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet, sjå stipendsatsar.
Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikkje dekkjast av satsen.
Det kan ikkje søkjast om stipend for fullføring av doktorgrad.
Vurdering av søknader
Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling av doktorgradsstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast og ha den faste arbeidsplassen sin ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon») og vere aktivt deltakande i fag- og/eller forskingsmiljøet i søkjarinstitusjonen i heile prosjektperioden.
Stipendiaten skal takast opp i eit doktorgradsprogram, som hovudregel ved eit universitet i regionen. Stadfesting på opptak skal ettersendast innan 3 månader etter prosjektoppstart.
Doktorgradsstipend blir innvilga for inntil tre år (100 % stilling). Stipend kan takast ut i anten 50 % eller 100 % stilling (utbetaling av stipendet vil følgje dette). Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tilbod om stipend er motteke. Søkjarar til doktorgradsstipend må kunne starte stipendet seinast 1. juli i tildelingsåret. Dette gjeld uavhengig av starta eller planlagde permisjonar.
Bytte av arbeidsgivar under stipendperioden til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen, kan vere mogeleg. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast i dialog med søkjarinstitusjonen og Helse Vest og dokumenterast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Forskarar som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsetje i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom Læringsportalen
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden. Andre vedlegg enn det som er lista nedanfor, skal ikkje leggjast ved søknaden.
Oppdatert juni 2026