Allmennlegar i spesialisering (ALIS) i Helse Vest
Utdanning av allmennlegar skjer også i sjukehusa. No er det lansert ein ny portal for å registrere tilgjengeleg tid for spesialistutdanning for allmennlegar – ALIS portal.
![Operasjonssjukepleiar i grøne klede held i apparat. Foto.](/49a12d/contentassets/2977eb0c0d164a3e8546e5472fe36664/hjerte-poli34-es_3000pix.jpg?width=3000&height=2000&quality=80&format=webp)
Arkivfoto: Eivind Senneset
Ny modell skal styrkje allmennlegerolla
Helseføretaka må også synliggjere denne spesialiseringa i sjukehusa og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein formålstenleg og god måte. I eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta – ALIS-kontora har ein kome fram til ein felles modell som skal styrkje allmennlegerolla gjennom gode og planlagde utdanningsløp for spesialisering i allmennmedisin.
Ei arbeidsgruppe med ressursar frå fagmiljøet har, i samarbeid med Helse vest IKT, utarbeidd ein portal for å synleggjere tilgjengeleg tid for den delen av utdanninga som skal skje i sjukehusa.
I denne portalen kan sjukehusavdelingane leggje ut stillingar som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og legar i allmennlegespesialisering kan melde seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).
Krev god planlegging og medverknad
Sjukehusa følgjer opp ved å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS-spesialisering. Det kan til dømes vere tid der eigne medarbeidarar har planlagde permisjonar, slik at ALIS-legane får tilsetjing i avtalt periode. Det vil sjølvsagt krevje god planlegging i sjukehusa og god medverknad frå ALIS-legane for å få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennlegar i vikariat er ein viktig del av arbeidet som held fram i sjukehusa no.