Dette betyr digital patologi for pasientane
All behandling startar med riktig diagnose. Svulstar, føflekkar og mange andre sjukdommar blir diagnostiserte av ein lege spesialisert innanfor patologi. Frå 22. november 2021 innfører Helse Førde digital patologi, som det første helseføretaket i Helse Vest.
Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna innfører systemet medio februar 2022.
– Digital patologi er viktig, både for å auke kvaliteten og pasienttryggleiken, særleg innanfor kreftområdet, og å kunne undersøkje eit stadig aukende tal på prøvar, seier fagdirektør i Helse Vest RHF og prosjekteigar, Baard-Christian Schem.
– Helse Førde har vore svært aktiv på dette området, og det er ei stor glede å sjå at Helse Førde er det første helseforetaket som tek denne løysinga i bruk.
Dette er bakgrunnen
Prøvevolumet til patologiavdelingar aukar, og det blir stadig gjort fleire undersøkingar per prøve. Dette er for å gi pasienten best mogleg behandling. Samtidig er det for få patologar og bioingeniørar til å handtere den aukande arbeidsmengda i framtida.
Bileta tilgjengelege for alle
Patologene undersøkjer til vanleg vevsprøvar i eit mikroskop. Med digital patologi vil prøvane i staden bli skanna inn med spesialskannarar og visast på en dataskjerm. Dette gjer vevsbileta tilgjengelege for alle patologar i avdelinga, og frå februar alle patologane i Helse Vest.
– Vi skal nå løfte patologiarbeidet inn i ei ny, digital verd. For patologane og bioingeniørane våre sin del, skal dette bli ein arbeidskvardag med minst like høgt nivå av presisjon og kvalitet som i dag, men med smidigare arbeidsprosessar, fortel regional prosjektleiar i Helse Vest, Kristine Bø.
Frå ordinær postgang til med ein gang
Men, dette er ikke viktig berre for digitalt samarbeid mellom patologar og patologiavdelingar i Helse Vest, men også for alle pasientar som brukarar av helsetenestene våre, understrekar ho.
Når vi i dag sender vevsprøver til andre sjukehus for bistand, må dei merkast, pakkast og sendast med posten. Mottaksavdelinga må så registrere og vurdere prøven før dei kan sende svar. Med digital patologi vil vi dele bilete med ein gang, via skjerm i staden for. Det har betyding for tida det tek å få gitt ein diagnose og sett i verk nødvendig behandling for pasienten.
Utvidar fagmiljøa
– For pasienten blir ikkje endringa like synleg og handfast som for patologen. Likevel er ein av dei overordna vinstane å sikre kortare svartider og samtidig auka pasienttryggleik. Vi får nå digitale «snitt» rett på skjerm, som kan sendast på eit par sekund frå ekspert til ekspert på tvers av sjukehusa, der dei tidligare måtte pakke dei og sende i posten – med den tida det tok. Det er for pasientane vi gjer denne moderniseringa, samtidig som våre fagfolk får eit langt større virtuelt fagmiljø på tvers av føretaka, sier avdelingssjef i Førde, Tonje Bøyum Riste.
Betydinga av digitale samhandlingsmoglegheiter har no under pandemien vist seg å vere viktigare enn nokon gong. Innfører av digital patologi i Helse Vest, gjer det mogleg å ha direkte digital samhandling med andre patologar og medarbeidarar på ein heilt ny måte. Vi digitaliserer bileta av vevsprøven for at pasienten skal få eit endå smidigare forløp når pasienten ventar på svar.