Forskingsstatus for 2020
Rekordmange stipendiatar finansiert av Helse Vest disputerte i fjor, sjølv om koronapandemien òg påverka forskingsaktiviteten i Helse Vest i 2020.
Forsking er, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande, eit av dei primære ansvarsområda til helseføretaka. Å ta i bruk nye løysingar og ny forskingsbasert kunnskap er viktig når vi skal skape ei framtidsretta og bærekraftig helseteneste.
300 forskingsprosjekt
Kvart år støttar Helse Vest omlag 300 forskingsprosjekt i regionen, og i fjor blei det forska for meir enn 208 millionar kronar i Helse Vest.
Nyleg kom rapporten «Fagleg rapportering - årleg forskingsrapport», som presenterer forskingsaktiviteten i regionen. Den viser at 63 prosent av forskingsprosjekta er forseinka på grunn av covid-19.
Det er flest stipendiatar og strategiske prosjekt som er råka. Forseinkingane skuldast ulike høve, men mykje handlar om restriksjonar i reise- og kursverksemd, manglande tilgang til fasilitetar og utsett datainnsamling eller inklusjon av pasientar. Dei fleste prosjekta som er forseinka, har ikkje hatt løpande kostnader utan prosjektframdrift i perioden.
Rekordmange nye doktorgrader
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har bestemt at 60 prosent av midlane som blir delt ut i den opne søknadsrunden, skal gå til doktorgrads- og postdoktorgradsstipend.
I fjor disputerte 26 stipendiatar finanisert av Helse Vest. Det er ny rekord. Dei fleste som disputerte var i faga medisin, med naturvitskap og teknologi på andreplass.
Elles viser rapporten:
- I 2020 var det flest prosjekt i helsekategorien «hjerne- og nervesystem». Dei siste fem åra har det kategorien «kreft» trona på toppen.
- Tilgjengelege forskingsmidlar i Helse Vest i 2020 var 208,2 millionar kroner.
- Som tidlegare år, blir forskingsmidlane i stor grad nytta til klinisk forsking.
- Fem prosent av prosjekta har aktivt forskingssamarbeid med kommunehelsetenesta. Langt fleire oppgjer at resultata frå forskinga er relevant for kommunehelsetenesta.
- Stadig fleire forskingsprosjekt samarbeider med industri og næringsliv, i fjor gjaldt det 17 prosent av prosjekta.
- Brukarmedverknaden i prosjekta held fram med å stige, slik den har gjort dei siste åra. I 2020 hadde 75 prosent av prosjekta brukarmedverknad.
- 301 faglige rapportar er levert i 2020. Du finn alle på: http://forskningsprosjekter.ihelse.net/
Vil du lese fleire resultat frå dei ulike føretaka, finn du heile rapporten her.
Dette er den 18. faglege rapporten i rekkja.