logo

Helse Vest i gul beredskap

Frå 26. november er Helse vest RHF i gul beredskap. Alle dei fire helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger,  er i beredskap.

Publisert 26.11.2021
Grafisk bilde av koronavirus. Illustrasjon.

Fleire pasientar blir lagde inn på sjukehusa. Det gjeld pasientar med covid-19, men også pasientar med andre tilstandar, som RS og andre infeksjonar. Sjukefråværet i sjukehusa er høgt. I tillegg aukar talet på personar som får påvist korona og framskrivingar viser at vi vil få eit auka tal på tilvisingar til sjukehusa framover.

– Summen av dette fører til ei stor belasting på tenesta, og vi er usikre på kor stor belastinga blir framover. Medarbeidarane og leiarane i sjukehusa gjer ein eineståande innsats og vi må vere budde på framleis arbeid i beredskap. Det regionale helseføretaket set gul i beredskap for å sikre at vi forstår situasjonen kontinuerleg og kan støtte helseføretaka våre, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Dette tyder dei ulike ni​våa i beredskap

Grøn beredskap er det lågaste nivået. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. 

Gul beredskap vil seie at det er ein situasjon må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Når ein set raud beredskap, har ei alvorleg uønskt hending skjedd og det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.