Ingeborg Sævareid er nytt konsernhovudverneombod
– Då eg fekk meldinga om at dei konserntillitsvalde hadde valt meg som konsernhovudverneombod i Helse Vest blei eg glad, stolt og audmjuk. Dette er eit viktig verv der eg har ei unik moglegheit til å bidra til eit godt samarbeid. For å utvikle og forbetre eit arbeidsmiljø er vi avhengige av eit godt samarbeid med verneombod, leiinga, dei tillitsvalde og medarbeidarar, med respekt for dei ulike rollane.

Det fortel nytt konserhovudverneombod, Ingeborg Sævareid, då ho fekk meldinga frå valstyret nyleg. Sævareid tek over etter Leif Johnsen, som har sete i vervet som konserhovudverneombod i Helse Vest sidan 2008. Johnsen går over i anna stilling og Sævareid tek over så snart Johnsen fråtrer.

– Det blir spennande og utfordrande arbeidsoppgåver framover. Eg vil samarbeide vidare med føretakshovudverneombuda, dei andre verneomboda og tillitsvalde i Helse Vest, seier Sævareid.