No finn du kunnskapsmodular om rus og vald på nett
Jobbar du som behandlar, miljøarbeidar, saksbehandlar i spesialisthelsetenesta eller i kommunen, er du midt i målgruppa!
Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging RVTS og dei regionale kompetansesentra på rusfeltet KoRus har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeida eit program for auka kompetanse på rus- og valdsproblematikk.
Jobbar du som behandlarar, miljøarbeidar, saksbehandlar i spesialisthelsetenesta eller i kommunen, er du midt i målgruppa.
– Programmet "Rus og vold" er laga av engasjerte tilsette i spesialisthelsetenesta. Dei sju modulane gir på ein effektiv måte ei veldig god innsikt i ulike problemstillingar som medarbeidarane våre ofte møter, fortel Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest.
Programmet inneheld sju kunnskapsmodular:
- Grunnmodul rus og vald
- Anabole androgene stereoid
- Basiskartlegging rus og vald
- Motiverande intervju i møte med valdsutsett eller - utøvar
- Integrert behandling rus og vald
- VR-basert simulering av integrert behandling rus og vald
- For leiarar: Nettressursar om implementering
Tre av modulane er digitale og tilgjengelege på nett. Resten baserer seg på fysiske samlingar med klasseromsundervising eller digitale arbeidsmøte tilrettelagt av KoRus eller RVTS.
– Nettsida rusogvold.no er fin og oversiktleg, og gir veldig lett tilgang til kursmodulane. Stort enklare tilgang til oppdatert kunnskap er vanskeleg å finna! seier Jøsendal i Helse Vest.
Er dette noko for di avdeling eller arbeidsplass?
Ta kontakt med RVTS Vest, Korus Bergen eller Korus Stavanger
Delta på digital lansering og presentasjon av modulane
- 16. desember kl 10-12
- Lenkje til lanseringa
- Meeting ID: 893 2390 7000
- Passcode: 245315