logo Helse Vest

Søk Helse Vests forskingsmidlar for 2022

Forskingsmidlane i Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2021 kl. 23:59.

Publisert 25.06.2021
Pleier, smiler. Foto.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

Regjeringas handlingsplan for kliniske studier har vore førande for den nye søknadskategorien Klinisk karrierestipend. I tillegg har samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universitet og høgskulen i regionen bede om auka fokus på brukarmedverknad i forskinga. Søknadar kan bli lagde til side dersom det ikkje er gjort greie for brukarmedverknad i prosjektet.