Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ny leiing av Beslutningsforum

Helse Vest tek over leiinga av Beslutningsforum for nye metoder.

Publisert 27.05.2021
Sist oppdatert 31.05.2021
Kvinneleg leiar, foran sjukehus. Smiler. Foto.

Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest, tek over og leier sitt fyrste møte i Beslutningsforum 31. mai. I tillegg til Bryne deltek dei administrerande direktørane i Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst.

Beslutningsforum avgjer kva av til dømes nye behandlingsmåtar og legemiddel spesialisthelsenesta i Noreg kan ta i bruk eller føre vidare. Det er Stortinget som legg rammene for dei prioriteringane forumet skal følgja. Eit overordna mål er å sørga for lik tilgang for alle innbyggarar i heile landet når metodane er godkjende.

Statens Legemiddelverk, Folkehelseinstituttet, fagekspertar og Sykehusinnkjøp er av dei som legg fram vurderingar av dei ulike metodane før avgjerda vert tatt. Deretter legg Bestillerforum og fagdirektørane i dei regionale helseføretaka fram si anbefaling. Beslutningsforum, som består av dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka, arbeider seg deretter fram til felles avgjerder.

Les meir om prosessane og avgjerder på nettsida for Nye Metoder

Ny kontaktinfo for pressa:

info@helse-vest.no