Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Råda til Ekspertpanelet blir følgde – plass til fleire

I 2020 gav Ekspertpanelet 115 pasientar med begrensa levetid ei ny vurdering av moglegheitene for ny behandling. Råda blei følgde, mens det er stor variasjon i talet på førespurnadar frå ulike sjukehus.

Publisert 08.04.2021
Sist oppdatert 09.04.2021
Seks menn og to kvinner står i ein foaje. Foto.

– ​Ekspertpanelet er ei nasjonal ordning som gjer det mogleg for pasientar med begrensa levetid å få ei ny vurdering. Vi vurderer sjukdommen og behandlinga som er gitt for den enkelte pasienten. Så kan vi gi råd om ytterlegare godkjent behandling, studiar i Noreg og utlandet eller behandling som ennå ikke er godkjend i Noreg, fortel leiaren av Ekspertpanelet, Halfdan Sørbye.

Sjå årsrapport for Ekspertpanelet 2020

I 2020 blei 115 saker vurderte. Det er framleis færre enn venta.

I 16 saker blei det gitt råd om utprøvande behandling utanfor studiar (off-label behandling). I over halvparten av sakene bekrefta Ekspertpanelet planlagd skissert behandling utan ytterlegere forslag til annan behandling. I 23 saker fann dei ikke nokon ytterlegere behandling, mens i 8 tilfelle gav dei råd om ny etablert behandling.

Kun i 7 saker blei det funnet aktuell studie for pasienten. I 14 saker ble det gitt råd om ny gentest eller anna utgreiing. I 20 saker blei ikke råd om mogleg behandling gitt, då behandlinga ikkje er tilgjengeleg i Noreg, oppsummerer Sørbye.

Du kan lese heile saka på sidene til Ekspertpanelet

​Fakta om ekspertpanelet

  • Ekspertpanelet skal hjelpe pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom med ei ny og grundig vurdering av behandlingsmoglegheitene sine.
  • Et viktig føremål er at er at pasientar og pårørande skal kjenne seg sikre på at all relevant behandling er vurdert.
  • Ekspertpanelet består av sju faste kreftlegar som vil gi råd i dei fleste sakene. I tillegg vil faste eksterne fagpersonar frå ulike medisinske område bli konsulterte ved behov.
  • Ekspertpanelet vurderer enkeltsaken for den aktuelle pasienten.
  • Ekspertpanelet har ei rådgivande rolle og inga myndigheit til å ta avgjersler
  • Blei opprettet i 2018 på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet