logo Helse Vest

16 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest dei neste to åra

Heile 22 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. Her er prosjekta som får støtte.

Publisert 07.12.2022
Sist oppdatert 12.08.2024
Finger som trykker på iPad, foto/grafikk

Helse Vest RHF lyste tidlegare i haust ut midlar til regionale innovasjonsprosjekt i to kategoriar, nye prosjekt og idéoverføring.

Til søknadsfristen 7. oktober 2022 kom det inn totalt 52 søknadar, og det blei søkt om totalt 35 millionar kroner. Heile 22 prosjekt får stønad, 11 i kategorien nye innovasjonsprosjekt og 11 i kategorien idéoverføring.

Høg kvalitet

​​Innovasjonsmidane frå Helse Vest er eit verkemiddel for å leggje til rette for innovasjon i helsetenesta og å nå måla i Nasjonal helse- og sjukehusplan, den regionale strategien Helse 2035 og utviklingspla​nar. Søknadane syner høg innovasjonsaktivitet i heile føretaksgruppa, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi.

Ekstra gledeleg er det at så mange tok oppmodinga om å søke midlar for overføring av innovasjonar frå andre sjukehus og regionar. Her har me eit viktig verkemiddel for å stimulere til samarbeid og skalering av løysingar som kan vise til lovande resultat og gevinstar for helsetenesta og pasientane, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF.

Leiarmøtet i Helse Vest vedtok tildeling 6. desember. Ein regional innovasjonskomité har vurdert søknadane etter gitte vurderingskriterium.

Desse får innovasjon​sstøtte:

Nye prosj​ekt i eige helseføretak:

Implementation of artificial intelligence as support tools for pathology in Helse Vest

Prosjektleiar: Emiel Janssen
Pros​jekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Empaia​

CardioSmart

Prosjektleiar: Stig Urheim
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Produktutvikling

Pasientsentrert hjemmeoppfølging for kne- og hofteartrosepasienter etter proteseoperasjon

Prosjektleiar: Ane Djuv
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Vest IKT

Videreutvikling av det nyutviklede kateterbaserte systemet PRESERVE for bruk hos pasienter med persisterende hjertestans utenfor sykehus

Prosjektleiar: Vegard Tuseth
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger HF

Digital løsning for interne språk- og flerkulturelle ressurser

Prosjektleiar: Lene Thowsen Harloff
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT

Forebygging og behandling av underernæring med digitale verktøy

Prosjektleiar: Oddveig Fossdal Drøpping
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT, Foodcapture, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Stavanger kommune

Digital håndtering av søknader om utprøvende legemiddelbehandling og unntaksordning

Prosjektleiar: Jannicke Slettli Wathne
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Stavanger HF, Helse Vest IKT, Universitetssykehuset i Nord-Norge, Oslo Universitetssykehus, St. Olavs Hospital HF

Safer Births Data-Driven Learning

Prosjektleiar: Siren Rettedal
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Universitetet i Stavanger, Laerdal Medical

WE-BELONG-Wearables - for bedre psykisk helse hos barn og unge

Prosjektleiar: Arne Kodal
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Vest IKT, Universitetet i Bergen​, Strathclyde University i Skottland

Individualisert behandlingsplan for smerte etter kirurgi

Prosjektleiar: Hans Jocob Westbye
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Høgskulen på Vestlandet, Norse Feedback

MindMe - accessible mental health services

Prosjektleiar: Oddbjørn Hove
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF, Helse Vest IKT, Sykehusinnkjøp divisjon Vest, University of Chester (Chester Medical School) i England, Stavanger kommune

Idéoverføring

​​Prosjekt som får stønad til å adoptere same idéoverføring har fått justert stønadssum, og krav om samarbeid. 

​Brukerstyrt epilepsioppfølging - Full throttle

Prosjektleiar: Marte-Helene Bjørk
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Helse Stavanger HF

Idéoverføring frå: Vestre Viken HF

Brukerstyrt digital epilepsioppfølging - best​​ behandling til de som trenger det mest

Prosjektleiar: Sara Mathisen
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: Vestre Viken HF og Helse Bergen HF

Brukarstyrt digital oppfølging ved ep​ilepsi

Prosjektleiar: Solveig Øvrebø
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon, Helse Bergen HF, Helse Førde HF
Idéoverføring frå: Vestre Viken HF og Helse Bergen HF


Brukarstyrt poliklinikk for handleddsbrot

Prosjektleiar: Kari Anne Indrebø
Prosjekteigar: Helse Førde HF
Samarbeidspartnarar: Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: Helse Bergen HF

Brukerstyrt oppfølging av personer med håndleddsbrudd

Prosjektleiar: Kari Elisabeth Heggland
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF​
Idéoverføring frå: Helse Bergen HF

Virtuelt hjemmesykehus

Prosjektleiar: Sønnøve Dalane
Prosjekteigar: Helse Fonna HF
Samarbeidspartnarar: Helse Fonna HF
Idéoverføring frå: Sykehuset i Vestfold


Akutt poliklinikk - ikke akuttmottak

Prosjektleiar: Stian Bergby
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon, Helse Bergen HF, Helse Førde HF, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: St. Olavs Hospital HF

Intensivt ambulant team for hjemmeboende eldre

Prosjektleiar: Kia Minna Johanna Hynninen
Prosjekteigar: NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus
Samarbeidspartnarar: Universitetet i Stavanger, annen norsk institusjon, Helse Stavanger HF
Idéoverføring frå: IAT-modell (konsept - ny brukargruppe)

Utprøvning av story-stem testen Odense Child Trauma Screening (OCTS) for norske barn i alderen 4-8 år

Prosjekt​leiar: Emiel Boregaard-Iversen
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Annen norsk institusjon
Idéoverføring frå: Vidensenter for psychotraumatologi, Syddansk Universitet, Danmark

Tidleg avklaringsteam for pasientar i psykisk helsevern - på veg mot ei einskapleg helseteneste

Prosjektleiar: Audhild Hønsi
Prosjekteigar: Helse Stavanger HF
Samarbeidspartnarar: Universitetet i Stavanger, annen norsk institusjon
Idéoverføring frå: Nidelv DPS

IPS in Pain - tverrfaglig smertebehandling med jobbspesialist

Prosjektleiar: Borrik Schjødt
Prosjekteigar: Helse Bergen HF
Samarbeidspartnarar: NAV
Idéoverføring frå: St. Olavs Hospital HF

Tilbak​​e​​melding

Alle som har sendt inn søknad vil få ei tilbakemelding.

Merk: Dei som får stønad vil få eit tildelingsbrev med eksakt stønadsbeløp, og meir informasjon om vilkåra for stønad.

Det vil kome meir informasjon om prosjekta som har fått stønad.