Avlyser konkurranse for rehabiliteringstenester
Helse Vest har avlyst konkurransen for spesialiserte rehabiliteringstenester som har gått denne hausten. Grunnen er at omfanget av kjøp av desse tenestene må reduserast.
![Svart hvitt foto sykepleier hjelper eldre mann med trening](/49a151/contentassets/09f2cfa216ee415a81b8f6129f724321/rehabilitering-mann_gettyimages-610436178_sh.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Helse Vest lyste tidlegare i år ut konkurransen for innkjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester. Tilbydarane har no fått melding om at konkurransen er avlyst.
– Vi beklagar å måtte avlyse konkurransen, men kostnadene i tilbodet som kom inn viste seg å overstige budsjettet ein hadde for kjøp. No går vi gjennom konkurransegrunnlaget på nytt og vil lyse ut ein ny konkurranse så snart som mogleg, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest.
Årsaka til avlysinga er altså at kostnadene knytt til dei inngitte tilboda overstig Helse Vest sitt budsjett for innkjøpet. Helse Vest viser i meldinga til tilbydarane mellom anna til at prisnivået på tenestene har hatt ein uventa og vesentleg auke - utover den ramma som var lagd for konkurransen på utlysingstidspunktet. I tillegg inneber statsbudsjettet for 2023 ei betydeleg økonomisk utfordring for Helse Vest. Budsjettforslaget kompenserer ikkje for lønns- og prisvekst utover deflator i inneverande år. Helse Vest ser seg derfor nøydde til å redusere omfanget av tenester som skal skaffast.
– Aktørane som har hatt avtale om rehabiliteringstenester fram til i år har fått forlenga avtalane fram til 30. juni 2023. Den nye konkurransen vil ta omsyn til dei endra økonomiske rammene, seier Eriksen.