Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest RHF i grøn beredskap

Det er veldig mange pasientar på sjukehusa på Vestlandet no. For å følgje situasjonen ekstra tett har Helse Vest RHF sett grøn beredskap frå i dag.

Publisert 30.12.2022
Sist oppdatert 19.05.2023
Sykehuspersonale står og snakker i korridor. Foto.
Helse Stavanger sette gul beredskap torsdag 29. desember 2022 på grunn av særleg utfordrandre drift. Det er ein krevjande situasjon fleire stader og alle helseføretaka på Vestlandet har særleg merksemd på drifta, men dei andre helseforetaka er ikkje i beredskap.
Helseføretaka gjer kontinuerlege vurderingar av drifta for å vareta pasienttryggleiken, sikre nødvendig bemanning og for at vi skal ha kapasitet til å handtere andre ulykker og hendingar.
– Når Helse Vest RHF er i grøn beredskap tyder det at vi følgjer situasjonen i helseføretaka tettare når dei set inn ekstraordinære tiltak, slik Helse Stavanger gjer no, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. – No er det ein stor del luftvegsinfeksjonar i befolkninga, det er mange pasientar med covid-19, influensa og RS-virus. Prognosane for dei neste dagane viser ein auke i influensa og RS. Dette krev auka merksemd.

Helseføretaka har eigne planverk for korleis kapasiteten kan utvidast ved større pågang.

– Vi har planar og samarbeider godt i regionen for å sikre forsvarleg pleie og behandling også til pasientane som har behov for akutt hjelp, seier Bryne.
Folkehelseinstituttet (FHI) minner også om at vinteren er høgsesong for mellom anna mage-tarm-infeksjonen norovirus. Vi anbefaler også befolkninga å følgje generelle vaksinasjonsanbefalingar, og halde seg heime ved sjukdom. Mindre smittespreiing gjer at ein reduserer belastninga på sjukehusa.
Helse Vest viser media til pressevakta i dei ulike helseføretaka for status og meir informasjon knytt til versemdene.
Generelle smittevernråd for befolkningen (fhi.no)Les mer om norovirus (Helsenorge)Sesongen for omgangssyke er like om hjørnet (fhi.no)

Meir om beredskap

​Grøn beredskap

Grøn beredskap
Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.​