logo Helse Vest

Helse Vest ute av beredskap

I dag, tysdag 5. april, går sjukehusa på Vestlandet og Helse Vest RHF ut av beredskap knytt til covid-19-pandemien. 

Publisert 05.04.2022
Sist oppdatert 06.04.2022
En haug med røde blomster

​Alle dei fire helseføretaka i regionen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen - i tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus, Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT og det regionale helseføretaket, er ikkje lenger i beredskap. 

– Det er godt at vi no kan ta ned dei ekstraordinære strukturane for beredskap knytt til pandemien. Det har vore lange periodar som har kravd ekstra innsats av medarbeidarar og leiarar i sjukehusa. Den innsatsen som medarbeidarane har lagt ned under pandemien, og framleis gjer, er heilt avgjerande, seier administrerande direktør, Inger Cathrine Bryne. 

​I beredskap frå november 21

​Det var i juni 2021 at føretaka i Helse Vest gjekk heilt ut av beredskap sist, etter å ha vore i beredskap frå 12. mars 2020. Frå 9. november 2021 gjekk Helse Vest inn i grøn beredskap igjen, då fleire pasientar med covid-19 vart lagde inn på sjukehusa på same tid som mange born fekk RS-virus. 26. november trappa sjukehusa og Helse Vest det opp til gult nivå, før det gjekk ned igjen til grøn beredskap frå 27. januar 2022.

– Vi fortset med å følge tiltaka og sette smittevern høgt framover òg. Dette blir følgd opp i dei ordinære linjene vi har, seier Bryne.

Kvinne ser rett i kamera

Administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne. Foto: Kjetil Alsvik.

Vil følgje utviklinga nøye framover

Sjølv om sjukehusa no nærmar seg normal drift, vil krigen i Ukraina, framleis opptrapping av planlagd aktivitet etter pandemien og auka ventetider påverke dette.

–  Vi vil sjølvsagt følgje utviklinga nøye. Viss vi ser at det er behov for å gå inn i beredskap igjen, så vil vi ha låg terskel for det, avsluttar Bryne.​

  • Grøn beredskap er det lågaste nivået. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. Det vil blant anna seie at Helse Vest tek opp att dei regionale beredskapsmøta ein gong i veka.
  • Gul beredskap vil seie at ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.
  • Når ein set raud beredskap, har ei alvorleg uønskt hending skjedd. Det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.