logo Helse Vest

Kjøper ikkje kirurgiske tenester for 2023

Helse Vest har valt å ikkje lyse ut ny anbodskonkurranse for kjøp av kirurgiske tenester for 2023.

Publisert 22.12.2022
Sist oppdatert 18.04.2023
Mann i sykehusmiljø ser i kamera og smiler

Helse Vest har dei siste åra kjøpt enkle kirurgiske tenester innan plastisk kirurgi, urologi, øre nase hals og ortopedi av private leverandørar etter innkjøpsregelverket. Bakgrunnen for dette har vore å auke totalkapasiten og, mellom anna, redusere ventetider. Avtalane har vore eit supplement til tilbodet i dei offentlege sjukehusa og har utgjort ein forholdsmessig liten del av all kirurgi som blir gjord i spesialisthelsetenesta.

​Ofte lita n​​ytte

– Det har vore sett spørsmålsteikn ved nytteverdien av desse avtalane og i kor stor grad dei har avlasta offentleg spesialisthelseteneste, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.

Kunnskapsoppsummeringar peikar på at volumet av fleire av desse behandlingsprosedyrane er for høgt i Noreg og bør reduserast då dei har lita nytte for pasientane. Dette er også inngrep som, når dei er ​nødvendige, er viktige i utdanningssamanheng og det verkar formålstenleg at ein utfører dei i helseføretaka for å sikra opplæring og god operasjonsindikasjon.

– Tilbodet hos private aktørar har heller ikkje vore for dei mest sjuke pasientane. Det har vore dei friskaste pasientane som har fått eit tilbod her, altså dei som ikkje har andre sjukdommar, ikkje er overvektige eller har diabetes, forklarar Vikse. – Grunnen til dette er den reduserte moglegheita dei private aktørane har til å overvake pasientar dersom noko uventa skulle tre inn.

​Varetek pasie​ntane

Helse Vest er i dialog med dei private institusjonane om overføring av pasientar som no er på venteliste hos desse til helseføretaka. Helseføretaka må vurdere pasientane med tanke på kva som er beste behandling.

Fagdirektøren opplyser også at det framleis vil vere eit eige tilbod hos private aktørar innanfor faget urologi og inngrep på prostata. Helse Vest har inngått eigne avtalar for dette feltet. Desse er bestemde vidareførte også i 2023.

​– Helse Vest ønskjer å sikre at pasientane busett i regionen vår har eit godt og likeverdig tilbod, jamfør sørgje for-ansvaret, slik det er beskrive i spesialisthelsetenestelova. Me vil følgje med på utviklinga og har dialog med dei private leverandørane og helseføretaka om korleis me kan vareta dette best mogleg, forsikrar Vikse.

Dei som har time ved​​ Privatsjukehuset Haugesund

Ein av aktørane Helse Vest har hatt avtale med på kirurgiområdet er konkurs og kan ikkje lenge tilby tenester. Dette gjeld Privatsjukehuset i Haugesund. Pasientar som ventar på time hos denne aktøren vil ikkje få tilbod der og blir bedne om å ta kontakt med eigen lege for vidare oppfølging eller ny tilvising.

Helse Vest har framleis avtale med to andre private tilbydarar, i tillegg til eigne helseføretak, som kan vareta desse pasientane. Ein er i prosess med å avklare korleis dei det gjeld best kan varetakast.