Kunngjering om val
22. februar 2023 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Frist for å krevje forholdstalsval er 11. januar 2023.
Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve.
Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.
Vi ønskjer at du skal engasjere deg!
Korleis skal valet skje?
Valet kan gjennomførast på to måtar, enten som forholdstalsval eller som fleirtalsval. Dersom valet skal skje som forholdstalsval må lokale foreiningar eller andre som har rett til det, sende krav om det til valstyret. Krav om forholdstalsval må vere valstyret ihende seinast 11. januar 2023.
Kva avgjer om det blir val?
Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn éi liste i samband med forholdstalsval, skal sjølve valet vere hemmeleg og skriftleg, og vil skje ved postsending. Valmateriell vil bli sendt til deg på den bustadadressa du er registrert med i lønnssystemet. Svarkonvolutten din må vere poststempla seinast valdagen, som er 22. februar 2023.
Dersom det berre kjem inn ei liste i samband med forholdstalsval, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.
Kva type val som vil bli gjeldande i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS vil bli kunngjort seinast 24. januar 2022. Denne informasjonen, i tillegg til meir informasjon om sjølve prosessen og reglane, vil bli lagde ut på denne nettsida og føretaka sine intranett etter kvart.
Kven har stemmerett?
Alle som er tilsett i føretaket på valdagen har stemmerett.
Kven kan føreslå kandidatar/fremje forslag til eiga liste?
Ved fleirtalsval kan alle med stemmerett foreslå kandidatar som dei ønskjer valde. Lokale foreiningar har også forslagsrett.
Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale foreiningar (åleine eller saman med andre lokale foreiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Ei lokal foreining kan berre stå bak éi liste.
Kva skjer no?
Dette er ei kunngjering om valet.
Den neste informasjonen som vil komme er ei kunngjering som forklarer om det blir fleirtalsval eller forholdstalsval.
Valstyra og valforskrifter (Lovdata)
Det er etablert eit valstyre for Helse Vest RHF og eit valstyre for kvart av helseføretaka og Helse Vest IKT AS. Valet skal skje ifølgje gjeldande forskrifter, om dei tilsette sin rett til representasjon i dei regionale helseføretaka og helseføretaka/Helse Vest IKT AS sine styre.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka