Lanserer plan med ti tiltak for å auke pasienttryggleiken på legemiddelområdet
Målet er å redde liv og unngå alvorlege skader som følgje av legemiddelbehandling på sjukehusa i Helse Vest.
Legemiddel er ein vesentleg del av pasientbehandlinga. Samtidig er det faktoren som går att oftast i pasientskader og uønska hendingar i sjukehusa. Nokre gongar dessverre med alvorleg utfall for pasienten og til stor påkjenning for pårørande og involverte.
– Difor er legemiddel løfta fram som eitt av områda der Helse Vest ønskjer betre styring av risikoen, seier prosjektleiar for ROMLE, farmasøyt Tonje Folkvang.
Prioriterer områda med størst fare for stor skade
ROMLE står for risikoområde legemiddel og er eit regionalt arbeid med alle helseføretaka i Helse Vest involverte.
– I ROMLE-arbeidet er det brei semje om å prioritere områda der det er størst fare for stor skade, og pasientgrupper og legemiddel som er forbundne med størst risiko.
I fellesskap har helseføretaka i Helse Vest no definert ti konkrete tiltak fordelt på fire innsatsområde. Planen blir lansert i forbindelse med Kvalitets- og register-konferansen i Helse Vest.
Godt i gang
Ansvaret for å følgje opp tiltaka er delt mellom føretaka og eit regionalt koordineringsteam.
Og arbeidet med tiltaka er allereie godt i gang, ifølgje Tonje, som kjem med eit par døme.
– Eit av dei er å utvikle eit læringsspel der utrekning og fortynning blir simulert. Eit anna er å etablere ein regional beste praksis for legemiddelsamstemming.