logo Helse Vest

No vil dei ta innovasjonen ut i verda

Tenk deg at du plutseleg ein dag blir den eine personen som må gi førstehjelp. Ein person fell om på gata, eller du er førstemann på staden ved ei bilulukke, eller ein kjær slektning får hjartestans i familieselskap. Kva gjer du? Og korleis taklar du hendinga etterpå?

Publisert 06.12.2022
Sist oppdatert 24.04.2023

Foto: Svein Lunde, Stavanger universitetssjukehus

Dette er noko som Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest (RAKOS) har tenkt mykje på. Så mykje at dei har utarbeidd rutinar i helsevesenet for å hjelpe førstehjelparane til å takle og jobbe med alle kjenslene som kjem etterpå. Som dei første i verda. Nyleg fekk dei innovasjonsprisen i Helse Vest for denne nyvinninga med å drive systematisk oppfølging av førstehjelparar etter ei alvorleg hending.– Kva har de gjort, som andre ikkje har gjort?
– Det viktigaste vi gjer, er å finne ut kven førstehjelparen er, og invitere denne til ein samtale med oss etter hendinga. Vi har utarbeidd eit system for dette og tilbyr ein samtale på kring 90 minutt for å snakke om kjensler og sjølve hendinga, som for førstehjelparen kan ha vore dramatisk. I første rekkje lyttar vi til det førstehjelparen ønskjer å ta opp med oss.
Ofte kjem dei til oss med skuldkjensle, særleg i dei tilfella der pasienten døyr. Då er det viktig for oss å forklare til førstehjelparen at han – eller ho – ikkje har skuld i dødsfallet. Vi ønskjer og snu kjensla om ikkje å kjenne på meistring, til å kjenne på meistring, fortel Conrad Bjørshol, seniorforskar og anestesilege ved RAKOS.
Når ambulansen køyrer av garde
Prosjektleiar Anna Marie Moe Øvstebø legg til at noko av det viktigaste dei kan gjere for førstehjelparen, er å gi ei anerkjenning frå helsetenesta for jobben dei gjorde då hendinga skjedde.
– Berre det å ringje 113 er ei stor meistring i seg sjølv. Det å sikre at hjelpen er på veg, er god tryggleik. Dersom dei i tillegg får hjelp til å utføre førstehjelp på staden, med rettleiing på telefon, kan vere det som gjer at personen overlever. Det å utføre brystkompresjonar fram til ambulansen kjem, er både fysisk og psykisk krevjande.

Foto: Svein Lunde, Stavanger universitetssjukehus

​Då er det godt å kunne stille spørsmål etterpå og få tips til korleis ein kan handtere eventuelle plagar etterpå. Førstehjelparen får ein teknisk og medisinsk gjennomgang av hendinga, for å skjøne kva han har vore med på. Av dei som kjem til oss for ein slik samtale seier 80 prosent at det er nok med denne eine samtalen, men nokre ønskjer litt meir tid, fortel Øvstebø.
– Dei som kjem til oss for slike samtalar, er ikkje pasientar, men vanlege folk som plutseleg har hamna i ein situasjon som førstehjelpar. Ikkje sjeldan opplever Øvstebø at dei får kommentarar som “Eg var lei meg då eg kom, men no føler eg meg glad igjen”. Det handlar om å snu ei negativ oppleving til noko positivt, seier Øvstebø.
Vist på TV2:
 
– Korleis gjer de ordninga kjend slik at førstehjelparane finn dykk?
– AMK sender ut SMS dersom namnet på førstehjelparen er kjent. Vi har lagt ut kort hos ambulansetenesta, brann og redning, legevakta hos politiet og på sjukehuset, som dei kan dele ut. Instruktørar for førstehjelp er blitt godt kjende med dette tilbodet og no hjelper også “ryktebørsen” oss, etter kvart som folk blir klar over at det finst eit slikt tilbod, seier Conrad Bjørshol.

​Først Noreg, så verda
– Vi har eit arbeid i gang med å lage ein nasjonal database for dette arbeidet. RAKOS har fått i oppgåve frå Helse Vest å få denne databasen på plass, og vi har som mål om at vi har ei landsdekkjande løysing på plass i løpet av 2-3 år, fortel Thomas Lindner, senterleiar for RAKOS, som held til i Helse Stavanger.
Panchakulasingam Kandiah, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, høyrde om prosjektet og tok det opp i regionalt fagdirektørmøte i Helse Vest hausten 2021.
– Eg fekk presentert «Oppfølging av førstehjelpere» då eg var på besøk hos RAKOS. Eg likte initiativet og ønskte å implementere dette arbeidet på Vestlandet. Fagdirektørene slutta seg til prosjektet og ba RAKOS om å utvide prosjektet til heile regionen.

Mandatet - Nødvendig framtidig utvikling:

​Det finnes svært begrenset forskning på førstehjelpere, dette gir oss derfor muligheten til å starte nybrottsarbeid innen akuttmedisinsk forskning.

Målet er å utvikle og implementere et kvalitetssikret oppfølgingstilbud til 
førstehjelpere i Helse Vest, deretter nasjonalt og internasjonalt.

Vi vil gjennom forskning kartlegge opplevelsene til førstehjelpere, hvilke tiltak som bør inngå i Oppfølging av førstehjelpere, og hvordan opplevelsen kan bedres gjennom systematisk oppfølging fra helseforetakene. Vi vil også kartlegge hvordan oppfølgingstilbudet best kan implementeres.

Vi vil ta en nasjonal rolle for opplæring, oppdatering og påfyll i metode og kunnskapsbasert praksis for alle oppfølgere, dvs. dem som følger opp førstehjelpere.

Vi vil opprette et nasjonalt register, hvor oppfølgingssamtaler og variablene blir registrert. Dette vil være grunnlag videre forskning. Resultater vil publiseres i internasjonale medisinske tidsskrifter og på konferanser.



– Sjølv om dette allereie er et landsdekkjandene tilbod ønskjer vi at det skal vere fleire helseføretak i landet som tilbyr lokal oppfølging . ​Vi meiner at dette tilbodet kan auke den generelle beredskapen i landet og at folk veit at dei vil få hjelp etterpå, dersom dei gir førstehjelp til andre. Dette skal vi også forske vidare på, seier Thomas Lindner.

RAKOS har vore i kontakt med fleire land som vil kopiere oss og tilpasse hos seg. Dette er blant anna Region Syddanmark og helsemyndigheiter i Irland og Skottland.
Fekk innovasjonsprisen i Helse Vest: Frå venstre: Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol, RAKOS, Helse Stavanger. Foto: Silje Katrine Robinson.​

Fakta om tilbodet til førstehjelparar

  • ​Telefonnummeret til tenesta er 02415.
  • Tenesta eit gratis, nasjonalt tilbod for førstehjelparane og samtalar kan avtalast på telefon eller ved personleg oppmøte (Stavanger og Gjøvik). Oslo, Bergen og Førde arbeider no med å tilby denne tenesta til førstehjelparar.
  • Hjartestans, sjølvmord og trafikkulukker er døme på hendingar der førstehjelparane ber om ein samtale i etterkant.
  • Prosjektet er eit samarbeid med Helsedirektoratet og “Sammen redder vi liv”-dugnaden.
  • Til saman 200 personar har fått samtale til no og det er for tida 3-4 per veke hos RAKOS i Stavanger.
  • Prosjektet baserer seg på forskinga og doktorgraden til Wenche Torunn Mathiesen (d. mai 2019), som i si forsking sa at vi må satse meir på å følgje opp livreddarane.

​​​