logo Helse Vest

Statsråden besøkte Stord

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) fekk informasjon om Barn og unges helseteneste, og ho meiner modellen kan gjere det lettare for kommunane når dei no har fått meir ansvar på barnevernsområdet.

Publisert 25.04.2022
Sist oppdatert 24.05.2022
tre personer står ute og snakker sammen, bilde

​​Ved årsskiftet tredde den nye barnevernsreforma i kraft, og kommunane får eit større ansvar innan barnevern. Reforma skal bidra til å styrkje arbeid med førebygging og tidleg innsats.

Barn og unges helsteneste er eit samhandlingsprosjekt utvikla av Helse Fonna. Her samarbeider brukarane av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og i spesialisthelsetenesta om å utvikle samhandlingsforløp for barn og unge. Målet er at barn og unge skal få rett hjelp så tidleg som mogeleg, hos rett instans, og at tiltaka frå dei ulike tenestene heng saman slik at det vert opplevd som eit heilskapleg tilbod for barnet/ungdommen det gjeld, og familien deira.​

–​ Kan vere nyttig for​​ mange

– Eg ​​har jo høyrt om prosjektet før, då eg var på besøk som Stortingsrepresentant, og det er alltid kjekt å høyre meir om slike vellukka tiltak. Som Barne- og familieminister er eg øvste ansvarlege for barnevernet, og når eg reiser rundt vert det også snakka om «Helse Fonna-modellen», som han også blir kalla. I samband med reforma er det mange kommunar rundt om som ser på korleis dei skal organisere seg. Mange er bekymra for økonomien. Men dette handlar ikkje berre om pengar. Det handlar om korleis ein organiserer seg og samarbeider. Her tenkjer eg denne modellen kan vere nyttig for mange. Det er også interessant å høyre at barnevernet er ein del av helsefellesskapet i Helse Fonna. Det er heilt unikt, seier Toppe.

Statsråden starta veka på Stord, og Toppe vart teken godt imot av administrerande direktør Olav Klausen, som innleia med å fortelje litt om BUP og DPS på Stord, som er samlokalisert med felles avdelingsleiar.​​​

– Det er litt spesielt, men fungerer godt, seier Klausen.​​​​​

Får betre henvisin​​gar

S​​å gav han ordet vidare til psykologspesialist Esther Marie Stornes Espeset, som vert rekna som «modellen si mor». Ho fortalde om bakrunn, samhandling og erfaringar. Modellen blir no brukt i heile Helse Vest, og også i Helse Midt-Norge og i Møre og Romsdal.

Det starta vel i 2015, då vi fekk mange barn som kom til oss med spiseforstyrringar. Fleire var dårlege, og dei kom ofte for seint. Då fann vi ut at vi måtte gjere noko, og særleg betre samhandlinga med kommunane. No veit førstelinetenesta meir om kva som skal til og dette gjer at vi får betre henvisingar til oss enn det vi gjorde før, opplyser Espeset. Ho meiner prosjektet har styrkja samarbeidet med kommunane.

– Vi er stolte av modellen, og ser at den verkar. Så no reiser vi rundt og informerer og «misjonerer», ​​​supplerer Olav Klausen

Funksjonsleiarane Mari​​​t Ness ved BUP i Haugesund og Siv Merete Handeland ved BUP på Stord fortalde om sine erfaringar, og verksemdleiar i barne- og familietenesta i Bømlo kommune, Linda Hellen, informerte om samarbeidet frå kommunane sin ståstad.

Etterpå var det tid ​​til både spørsmål og diskusjon.​

statsråd sitter i et møte med representanter fra Barn- og unges helsetjeneste, bilde

Barne- og familieminister Kjersti Toppe fekk ein grundig gjennomgang av den såkalla Helse Fonna-modellen av Håvard Wester Breistein (t.h.) (avdelingsleiar Stord BUP/DPS), administrerande direktør Olav Klausen, Georg Reinhardt (avdelingsleiar BUP Haugesund), Ester Marie Stornes Espeset (prosjektleiar Barn og unges helseteneste), Siv Merete Handeland (ståande) (funksjonsleiar Stord BUP), Linda Hellen (leiar fagleg samarbeidsutval barn og unge, og verksemdleiar i barne- og familietenesta i Bømlo kommune) og Marit Ness (funksjonsleiar BUP Haugesund). Foto: Magne Kydland

Digital​​t verktøy

​​Barn og unges helseteneste starta som eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Fonna og samarbeidskommunane i 2016-2018. I samarbeid med Helse Stavanger blei det i 2019 gjennomført ein pilot for å finne ut om verktøyet kunne takast i bruk også i andre område. Konklusjonen var at verktøyet var overførbart, men måtte videreutviklast. I perioden 2019-2021 vart det gjennomført lokale samhandlingsprosjekt i heile Helse Vest. I desse prosjekta blir kommunar og BUPar inviterte til å ta i bruk og vidareutvikle verktøyet saman.  Eit sentralt mål er å skape arenaer for dialog og kulturbygging på tvers av tenester og sektorar, der barn og unge sine behov er i sentrum.

Verktøyet er organisert i 7 ulike typar psykiske helseplager barn og unge kan ha. Innan kvart tema, blir det skildra både kva som er normale utfordringar hos barn og unge, og psykiske plager av ulik alvorsgrad, frå lette psykiske plager til alvorleg liding.

​Kjersti Top​​​​​​​pe og følgjet frå departmenetet uttrykte at dei var nøgde både med service og informasjonen dei fekk i formiddagstimane på BUP Stord, og representantane frå Helse Fonna var og godt nøgde.

–​​ Det er alltid kjekt med politikarbesøk, og ekstra stas når ein statsråd vil komme og høyre kva vi driv med. Kjersti Toppe har besøkt oss mange gonger før, så det var eit kjekt gjensyn, seier Olav Klausen.