logo Helse Vest

– Etterlengta med godt system

Haraldsplass diakonale sjukehus er det første sjukehuset i Noreg der det er mogleg for alle legar å oppdatere Pasientens legemiddelliste (PLL). – Dette er veldig bra. Det er etterlengta å få eit godt system på at legemiddellista kan følgje pasienten, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Publisert 07.12.2023
En mann som står i et rom

Foto: Hanne Tveit

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Éin av tinga helsepersonell bruker mykje tid på, er å finne ut kva medisin pasientane står på. Med Pasientens legemiddelliste (PLL) skal alle som behandlar pasienten ha tilgang til same kjelde for raskt og enkelt å kunne sjå kva slags medisinar pasienten får.

Haraldsplass diakonale sjukehus er det første sjukehuset i Noreg der det er mogleg for alle legar å oppdatere Pasientens legemiddelliste.

– Dette er veldig bra. Det er etterlengta å få eit godt system på at legemiddellista kan følgje pasienten, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest.

PLL gir moglegheit for at både fastlege og behandlande lege raskt og enkelt får oversikt over medisinbruken til pasienten.

– Vidare blir det eit felles ansvar å oppdatere denne lista, så ho er korrekt. Forsøka som er gjorde på Haraldsplass og Haukeland universitetssjukehus tilseier at løysinga fungerer bra for klinikarane. Det er vi glade for, seier Vikse.