18 millionar til innovasjonsprosjekt i Helse Vest dei neste to åra
Heile 25 innovasjonsprosjekt får til saman 18 millionar kroner frå Helse Vest. Her er prosjekta som får støtte.
Det har vore rekordstor pågang til innovasjonsutlysinga i haust. 76 søknader blei sendt inn til fristen 17. oktober 2023.
Heile 25 prosjekt får stønad; 12 nye innovasjonsprosjekt, 8 idéoverføringar og 5 prosjekt til det øyremerka samarbeidet med Kreftforeningen.
– Vi er svært nøgd med at så mange har søkt innovasjonsmidlar, og at så mange av søknadane held høg kvalitet. Takka vere samarbeidet med Kreftforeningen, kunne vi lyse ut ekstra midlar, øyremerka innovasjonsprosjekt innan kreft. Dette ga god respons i fagmiljøa, seier Lena Forgaard, seniorrådgivar og innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF.
– Vi er veldig glade for at dette gir oss høve til å finansiere heile fem prosjekt som vil komme kreftpasientar til gode i åra framover.
Innovasjon for auka berekraft i helsetenesta
Søknadane syner høg innovasjonsaktivitet i heile Helse Vest, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi for auka berekraft i tenesta.
– Mange av innovasjonsprosjekta omhandlar bruk av kunstig intelligens, automatisering av arbeidsprosessar og digitale løysingar for meir brukarstyrte tenester. Samla sett er det likevel stor tematisk bredde blant dei prosjekta som får stønad, seier Forgaard, og trekk fram blant anna prosjekt som «Digitalt venterom for barn og unge innan psykisk helsevern», idéverføringa frå Vestre Viken: «Bruk av kunstig intelligens i akutt røntgendiagnostikk ved Skadepoliklinikken i Bergen», og «Fair Choices Haukeland – Et digitalt verktøy for prioriteringer i spesialisthelsetjenesten».
Mange gode søknadar
Då det er svært mange som har søkt i haust, er det også gode søknader som ikkje nådde heilt opp. I den endelege prioriteringa mellom fleire gode prosjekt, har det også blitt lagt vekt på regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og tematikk. Nokre av søkarane hadde også søkt forskingsmidlar frå Helse Vest. Vi har prioritert søkarar som ikkje har fått tildeling frå forskingsmidlane.
Det er leiarmøte i Helse Vest RHF som har vedteke den endelege tildelinga av midlar, basert på arbeidet frå innovasjonskomiteen.
Fordeling av innovasjonsmidlane
Totalt | Nye | Idé | Kreft | |
Søkt beløp | 63,5 | 43,6 | 7,3 | 12,6 |
Søknadar | 76 | 41 | 21 | 14 |
Innvilga stønad | 18 mill | 12 mill | 2 mill | 4 mill |
Innvilga søknadar | 25 | 12 | 8 | 5 |
Sjå kven som har fått midlar (PDF)
Helse Vest innovasjonskomité
Det er ein regional innovasjonskomité som har vurdert søknadane etter gitte vurderingskriterium. For behandlinga av dei øyremerka kreftmidlane, deltok også Kreftforeningen og ytterlegare eit medlem.
Medlemmar:
Kristine Kleivi Sahlberg, Vestre Viken HF, leiar
Ola Jøsendal, Helse Vest RHF
Lena Forgaard, Helse Vest RHF
Erik M. Hansen, Helse Vest RHF
Lise Rødsten, Inven2
Jarl Reitan, St. Olavs hospital HF
Christian Skattum, Oslo universitetssykehus HF
Atle Bjørnerud, Oslo universitetssykehus HF
Marianne A. Minge, Kreftforeningen
Hege M. K. Christensen, Regionalt Brukarutval i Helse Vest RHF
Tor Johnny Agledal, Regionalt Brukarutval i Helse Vest RHF
Oddvin Næsse, Konserntillitsvalt Helse Vest RHF
Torgny Neumann, Helse Vest IKT/ Felles Arkitektur og porteføljekontor
Kari Birgitte Wiig, Helse Vest RHF, sekretariat
Randi Nesja Heskestad, Helse Vest RHF, sekretariat