Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Auka bruk av kikholskirurgi ved tarmkreft

Bruken av kikholskirurgi ved tjukk- og endetarmskreft har auka mykje dei siste åra. – Dette er ei god utvikling. Metoden er meir skånsam for pasientane, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse.

Publisert 09.11.2023
Mann i hvit frakk, smiler til kameraet. Foto.
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF

For ti år sidan vart 27 prosent av pasientane med endetarmskreft opererte med kikholskirurgi. I dag blir 91 prosent av pasientane operert med denne metoden. 

For pasientar med tjukktarmskreft har bruken av kikholskirurgi auka frå 37 til 79 prosent i den same perioden.

– Dette er ei svært positiv utvikling på ganske få år, seier Vikse. - Dei fleste av sjukehusa på Vestlandet ligg også over landsgjennomsnittet for dette. Det viser at det er god kompetanse på dette feltet i regionen og at dei kirurgiske fagmiljøa ser fordelane ved metoden.

Diagram, liggende stolpediagram
Fig. 1.: Del kikholskirurgi ved kreft i endetarm og tjukktarm (2008–2022)
Kjelde: Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft

Både tjukk- og endetarmskreft kan opererast med konvensjonell open kirurgi eller med kikholsteknikk. Begge metodane har vist like god langtidsoverleving i store internasjonale studiar.

Kikholsteknikken gir mindre sår i bukveggen og fører som regel til mindre belastningar for pasientane.

– For dei fleste pasientane er kikholskirurgi ein meir skånsam metode. Det er mindre smerter etter operasjon, raskare rehabilitering og lågare risiko for komplikasjonar, seier Bjørn Egil Vikse.

Pasientar med tjukk- og endetarmskreft har gode utsikter for å leve fem år etter operasjon, og overlevingstala har halde seg på eit stabilt nivå dei siste åra. Den relative overlevinga for pasientar med tjukktramkreft (stadium I-III) ligg på 89,2 prosent fem år etter operasjon. For endetarmskreft (stadium I-III) er overlevinga 89,9 prosent. Tala viser vidare at Helse Vest ligg over landsgjennomsnittet for overleving.

Diagram, liggende stolpediagram
Fig. 2.: 5-års relativ overleving etter operasjon for tjukk- og endetarmskreft    Kjelde: Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft

Denne saka er fyrst omtala i pressemelding og på nettsidene til Helse Sør-Øst RHF.