Foreslår meir pengar til sjukehusa i revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa foreslår at sjukehusa i landet får til saman 6,2 milliardar kroner meir i revidert nasjonalbudsjett. – Dette er ei styrking av budsjetta til sjukehusa. Det vil framleis vere behov for omstillingar, men ei slik tildeling gir oss eit betre utgangspunkt å få dette til på ein god måte, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
I nasjonalbudsjettet foreslår regjeringa ein varig budsjettauke på 2,5 milliardar kroner. Dette utgjer 479 millionar for Helse Vest. I tillegg kjem ytterlegare kompensasjon for lønns- og prisjustering av budsjetta til sjukehusa på 2,2 milliardar kroner. Det blir òg gitt auka løyving av lån på 1, 5 milliardar, som følgje av endring i byggekostnadsindeks og prisjustering.
Auken skal setje sjukehusa i betre stand til å følgje opp prioriterte områder i 2023 og gjere det mogleg å gjennomføre nødvendige investeringar. Det er fleire store byggjeprosjekt i Helse Vest, og den auka låneløyvinga gjer det mogleg å gå vidare med desse.
– Helseføretaka treng føreseielege rammer framover. No skal vi setje oss grundig inn i tala som er lagt fram og kva dei betyr for helseføretaka på Vestlandet, seier Bryne. – Det er sjølvsagt bra at låneramma kan aukast. Det kan gje likviditet her og no til å gjennomføre investeringar, men auke i lån vil også gi auka renter og avdrag i framtida.
Bryne understrekar at det framleis vil vere behov for å omstille måten sjukehusa blir drivne på. – Vi skal framleis arbeide med omstilling og prioritering. Vi må behalde og rekruttere personell innan alle fag. Det er viktig at vi investerer rett i teknologi, bygg og utstyr. Psykisk helsevern skal framleis ha prioritet.
Endeleg revidert nasjonalbudsjett blir vedtatt av Stortinget. Styret i Helse Vest RHF vil få ein gjennomgang av kva revidert nasjonalbudsjett betyr for sjukehusa i regionen på styremøtet 14. juni.