Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Frem kandidatar til forskingsprisane og innovasjonsprisen 2023

Ny frist for å fremje kandidatar: Fredag 22. september

Forskingsprisane og innovasjonsprisen blir delte ut på Forskingskonferansen i Helse Vest, som i år blir halden på Solstrand Hotel og Bad i Os utanfor Bergen.

Publisert 18.09.2023
Person sitter foran en skjerm og snakker og viser. Foto.

Foto: Jan Inge Haga

Fristen for å sende inn forslag er fredag 22. september, og gjeld alle prisane.

 

Forslagsskjema

Forskingspris

Innovasjonspris

Pris til ung forskar

 

Skjema kan sendast på e-post til forskning@helse-vest.no

Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon har oppnemnt tre komitear, éin for innovasjonsprisen, éin for forskingsprisen og éin for pris til ung forskar, som skal vurdere forslaga. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Meir om prisane som skal delast ut i 2023:

Forskingsprisen i Helse Vest

Prisen skal tildelast forskar eller forskingsmiljø som gjennom si forsking har bidrege til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal vere av ein karakter og standard av betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen.

Det kan fremjast forslag til kandidatar (forskar, forskingsmiljø eller ung forskar) som har bidrege til utvikling av:

  • eit forskingsområde
  • forskingssamarbeid-/miljø eller
  • som gjennom si forsking har forbetra klinisk praksis i Helse Vest

Den årlege forskingsprisen i Helse Vest er på 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.

Sjå også retningslinjene.

Innovasjonsprisen i Helse Vest

Formålet med prisen er å stimulere til auka innovasjonsaktivitet i føretaksgruppa, gjennom å løfte fram vellykka innovasjonsprosjekt og innovatørar.

Helse Vest deler ut innovasjonsprisen til éin eller fleire personar som gjennom dei siste tre åra har bidrege til å utvikle ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren.

Prisen kan bli tildelt med utgangspunkt i både forskingsdriven og behovsdriven innovasjon. Produktet, prosessen eller tenestene skal vere tekne i bruk, og det skal gjerast greie for nytten innovasjonen har for sjukehuset og/eller pasientane.

Innovasjonsprisen er på 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid​.

Sjå også retningslinjene

Pris til ung forskar

Formålet med prisen er at han skal vere ein inspirasjon og ei påskjøning for lovande, unge forskarar. Kandidaten må vere 40 år eller yngre i nominasjonsåret. Dette er ein felles pris for institusjonane som inngår i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: Helse Vest RHF, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Prisen er på 100 000 kroner og eit kunstverk.

Sjå også retningslinjene