Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Godt i gang med forbetring av sikkerheitspsykiatrien

Jobben med å få sikkerheitspsykiatrien i Helse Vest opp på ønska nivå er i god gang. – Føretaka har gjort mykje godt arbeid, seier assisterande fagdirektør Ola Jøsendal i Helse Vest.

Publisert 21.09.2023
Mann som smiler

Foto: Jorunn Busk

Assisterende fagdirektør Ola Jøsendal i Helse Vest RHF.

Saka kort oppsummert

  • Arbeidet med å styrke sikkerheitspsykiatrien i Helse Vest er godt i gang. Behovet kjem blant anna på grunn av ein auke i bruken av tvunge psykisk helsevern.
  • Helse- og omsorgsdepartementet har bede dei regionale helseføretaka om å lage ein nasjonal plan for sikkerheitspsykiatri og samarbeid med kommunane.
  • Helse Vest har allereie sett i verk mange av tiltaka som blir føreslått nasjonalt. Arbeidet er anerkjent som viktig for pasienttryggleik og behandling.

 

Over mange år har presset auka i sikkerheitspsykiatrien, med aukande bruk av dom til tvungent psykisk helsevern. Justissektoren har gjennom dom til tvungent psykisk helsevern lagt beslag på om lag 50% av behandlingskapasiteten. Sikkerheitspsykiatri er behandling av pasientar med alvorleg psykisk sjukdom og valdeleg åtferd. 

Etter meldingar om aukande press og frustrasjon i tenestene vart det i 2019 etablert eit prosjekt for å få innsikt i utfordringane, og forsøke å finne løysingar. Det blei vedteke ein regional handlingsplan i styremøte i Helse Vest mars 2021. 

Tilstrekkeleg kompetanse

I 2021, 2022 og 2023 vart det sett av 20 millionar, 40 millionar og nye 40 millionar kroner til opptrapping av arbeidet med sikkerheitspsykiatrien i Helse Vest. Nokre av tiltaka i den regionale handlingsplanen er styrking av lokal tryggingsavdeling (LSA) til minst fem per 100 000 innbyggjar, utvide skjermingskapasiteten ved Regional sikkerhetsavdeling frå to til fire plassar og sikre at tilsette har forsvarleg og tilstrekkeleg kompetanse.

– No har helseføretaka jobba systematisk med forbetring av tenestene i over to år, og mykje godt arbeid er gjort , seier assisterande fagdirektør Ola Jøsendal i Helse Vest RHF.

Oppdraget

I Oppdragsdokumentet for 2023 frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka blei det gitt oppdrag om å utarbeide ein overordna plan for sikkerheitspsykiatrien og andre tiltak for dømde til tvunge psykisk helsevern, på nasjonalt nivå. Her skal det særleg vurderast:

  • behova for endring i kapasitet, innhald, organisering og samanheng i tenestetilbodet 
  • behovet for langvarig forsterka butilbod i samarbeid med kommunane og om det kan vere formålstenleg å etablere tverrfaglege ambulante team for å vareta personar som utgjer ein sikkerheitsrisiko 
  • vidareutvikling av samarbeidsavtalar med kommunane, styringsdata og retningslinjer, jf. nemnde rapportar frå dei regionale helseføretaka

Helde fram arbeidet

Det er Helse Sør-Øst som leier det nasjonale arbeidet. For Helse Vest sin del var mange av dei tiltaka som blir foreslått i den nasjonale overordna planen allereie under iverksetting.

– Det er viktig at vi held fram arbeidet med tiltaksplanen, tiltaka vi har planlagt og det vi har budsjettmidlar til. Vidare må vi få eit større heilskapleg bilete. Planen og arbeidet med berekraftig utvikling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er eit grunnfjell vi også må jobbe med samtidig, understrekar Jøsendal. 

Han er fornøgd med arbeidet som blir gjort, og seier mykje tyder på at Helse Vest har komme lenger enn andre helseregionar. Den regionale tiltaksplanen vil bli revidert, slik at tiltaka som blir foreslått i den nasjonale overordna planen og den regionale planen blir samanfallande.

– Føretaka i Helse Vest har gjort mykje godt arbeid, understrekar han.