logo Helse Vest

Flytter inn i Glasblokkene: - Ein viktig milepæl

I desse dagar flytter fleire pasientar og medarbeidarar inn i dei nye Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. – Dette er ein endeleg milepæl for eit av dei verkeleg store byggeprosjekta i Helse Vest. Eg vil gratulere alle med det det flotte bygget, som legg til rette for både betre arbeidsforhold og god pasientbehandling, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.

Publisert 09.11.2023
En gruppe mennesker i klær
Administrerande direktør Helse Bergen, Eivind Hansen, ønskte velkommen til den nye Barne- og ungdomsklinikken ved flyttinga 4. november. Foto: Helse Bergen

Det nye sjukehusbygget huser både tenestene til barn og unge og Kvinneklinikken på Haukeland. 

- Det er ein krevjande økonomisk situasjon for sjukehusa no, men at byggeprosjekta går framover og nye bygningar blir tatt er bruk, er heilt nødvendig når vi skal utvikle tenestene vidare, seier Bryne.

Glasblokkene er eit av fleire store byggeprosjekt i Helse Vest. Nye SUS reiser seg i Stavanger, og der skal eit heilt nytt, stort universitetssjukehus takast i bruk frå 2025. Helse Fonna har nettopp inngått kontrakt for andre byggetrinn ved Haugesund sjukehus. Helse Førde er i sluttfasen med Livabygget, der mellom anna alle sengepostane i hovudbygget i dag skal flytte inn.

 

Fakta om eigedom og byggeprosjekt i Helse Vest

  • Helseføretaka på Vestlandet eig til saman om lag 1 020 000 m2 bygg i regionen per november 2023. Omrekna blir det heile 143 fotballbanar.
  • Dei siste fem åra er det investert 15,9 milliardar kroner i bygg i Helse Vest.
  • Fram til 2027, skal det investerast 11,4 milliardar kroner i bygg i Helse Vest.

Her kan du lese meir om byggeprosjekta i helseføretaka:

Glasblokkene - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

Nye Stavanger universitetssjukehus - Helse Stavanger HF (helse-stavanger.no)

ByggHaugesund2020 - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Nye Førde sjukehus - Helse Førde HF (helse-forde.no)