Helse Vest RHF lyser ut rekordstor pott til innovasjonsprosjekt
Totalt 18 millionar kroner blir lyst ut til nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar i Helse Vest. Den gledelege auka i potten skuldast eit nytt samarbeid med Kreftforeningen, som bidreg med eit par millionar kroner til øyremerka innovasjonsprosjekt innan kreft.
Utlysinga opnar for eit bredt spekter av innovasjonsprosjekt. Du kan søkje støtte til nye innovasjonsprosjekt eller idéoverføring, midlar til å adoptere eller teste ut innovative løysingar som eit anna sjukehus/helseføretak allereie har tatt i bruk i, eller utanfor, Noreg.
Søknadsfrist 17. oktober kl. 13:00.
Samarbeid med Kreftforeningen – øyremerka midlar til innovative løysingar innan kreft
I samarbeid med Kreftforeningen er det er sett av øyremerka midlar, inntil 5 millionar kroner, til både nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar innan kreft.
Prioriterte satsingsområde
Helse Vest vil prioritere søknadar som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av ei meir optimal organisering, ressursbruk og/eller reduserer behovet for vekst i helsepersonell, med potensial for regional eller nasjonal skalering.
Prioriterte satsingsområde (gjeld ikkje for innovasjonar med eit kommersielt potensial):
- Pasientar og pårørande si helsekompetanse og medverknad
- Berekraftig utvikling
- Samhandling
- Redusere overdiagnostisering og overbehandling (uønska variasjon)
Desse satsingsområda er også aktuelle tema for søknadar til dei øyremerka innovasjonsmidlane til kreft.
Les meir om utlysinga av regionale innovasjonsmidlar for 2023.