Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Kampanje for førebygging av sjølvmord

Vestland og Rogaland har for tida ein folkehelseopplysingskampanje som heiter «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv». Målet er å gjere det lettare å snakke om det som er vanskeleg, og få hjelp.

Publisert 30.05.2023
To personer som sitter på en benk og ser på en by
Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv. Foto: Helsedirektoratet

Kampanjen er nasjonal, inspirert av tidlegare førebyggingskampanjar her på Vestlandet. Denne gongen er kampanjen spesielt retta mot menn mellom 40 og 60 år.

Rundt 600 menneske tek sitt eige liv kvart år i Noreg. Denne statistikken rommar 600 unike liv, og kvart sjølvmord rammar ein familie, ein arbeidsplass og eit nærmiljø.

Tre av fire menn

Blant dei 600 årlege sjølvmorda er tre av fire menn og blant dei er det mange menn i aldersspennet 40-60 år.

Målet er å gjere det lettare å snakke om sjølvmordstankar og få hjelp, både for den som tenkjer på å ta sitt eige liv, og på dei som står rundt med ei bekymring.

På Helsenorge sine sider finn du tips til korleis du kan snakke om sjølvmordstankar og kvar det finst hjelp: helsenorge.no/selvmordstanker

Dele innlegg

Del gjerne innlegga som kjem i sosiale medium.

Mange som slit med sjølvmordstankar held tankane for seg sjølv. Derfor må vi snakke om det. Det kan redde liv.