Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Lanserer digitalt spel om utrekning av legemiddeldosar

Rett dose er eit enkelt og artig spel om å berekne rett mengd medisin til pasienten. Prosjektet bak spelet håpar det kan bidra til merksemd på viktigheita ved legemiddelrekning.

Publisert 23.10.2023
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon, Teams

Foto: Rett Dose

Rett dose rettar seg i første rekke mot sjukepleiarar – og anna helsepersonell – som gjer i stand legemiddel. Du kan spele det kvar og når som helst i nettlesaren din på mobil, nettbrett og PC.  

– Vi veit at spel kan vere ein god måte å lære på. Difor har vi forsøkt å skape eit lite og artig digitalt univers, der spelaren som ein bonus får med seg noko nyttig. Vårt ønske er at det blir nokre morosame minutt, som samtidig rettar merksemda mot viktigheita av rett legemiddelrekning, seier Tonje Folkvang. 

Spel Rett dose! 

Feil dose kan få alvorlege konsekvensar

Spelet er laga som del av arbeidet med risikoområdet legemiddel (ROMLE) i Helse Vest, som Folkvang er prosjektleiar for. Hovudmerksemnda i dette arbeidet har lege på områda der det er størst fare for stor skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko.  

Feil dosering kan ha ulike konsekvensar. For lite medisin gir ikkje den ønska effekten, for mykje kan vere skadeleg.  

– Både nasjonale data og eigne funn i Helse Vest viser at «feil dose» er blant dei utilsikta hendingane som oftast går igjen på legemiddelområdet,nokre gongar dessverre også med alvorleg utfall for pasienten, seier Folkvang.

Bidra til større merksemd  

Spelet er utvikla av Helse Vest IKT, i samarbeid med helsepersonell i Helse Vest. Måndag 23. oktober vart spelet lansert.  

– Vi håpar spelet bidrar til større merksemd og kunnskap om utrekning og fortynning av legemiddeldosar og i eit større bilde medverkar til å styrke pasientsikkerheita, seier Folkvang, som understrekar at spelet er eit supplement til anna læring.