Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Livet etter gynekologisk kreft

Med den digitale løysinga «Gynea», har kvinner fått noko dei lenge har ønska seg – hjelp til livet etter underlivskreft. Internettløysinga skal nå tas i bruk over heile landet.

Publisert 02.08.2023
Kvinne i oransje genser

Foto: Jan Inge Haga, Hike kommunikasjon

Ragnhild Johanne Tveit Sekse er ein av forskarane bak Gynea-prosjektet.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

«Så flink du er». 

«Så heldig du er som blei frisk». 

«Så takksam du må vere».

Slike reaksjonar møter mange kvinner når dei er ferdige med kreftbehandling. Men dei overlevande etter gynekologisk kreftsjukdom kjenner seg ikkje berre takksame eller heldige. Mest er dei i krise og har det tøft i lang tid etterpå. 

– Mange opplever at dei ikkje kjenner att sin eigen kropp. Dei kjem i brå overgangsalder. Mange slit med hetetokter, nattsveitte, søvnmangel og depresjon. Ein del får psykiske vanskar. Underlivskreft er mykje meir enn berre operasjonar og fysisk helse, seier Ragnhild Johanne Tveit Sekse, sjukepleiar, spesialist i sexologisk rådgiving og ein av forskarane bak Gynea-prosjektet. 

Trong meir kunnskap

Forsking viser at mange opplever endringar og seinplager etter kreftsjukdom, noko som kan gjere det vanskeleg å tilpassa seg kvardagen igjen. Kvinner har behov for meir kunnskap, men til no har det vore lite heilskapleg oppfølging for denne pasientgruppa. Løysinga kan bli Gynea, eit internettbasert lærings – og meistringsprogram for kvinner som er behandla for underlivskreft. Tveit Sekse står sjølv for innhaldet i programmet og har skrevet dei fleste tekstane, i samarbeid med eit tverrfagleg team.   

Kvinne i oransje genser

Foto: Jan Inge Haga, Hike kommunikasjon

Ragnhild Johanne Tveit Sekse. 

– Det handlar om seksuell helse, kreftrelatert fatigue, overgangsalder, redsel for tilbakefall og andre utfordringar desse kvinnene møter. Vi har rekruttert kring 70 kvinner frå heile landet i denne studien. Dei har prøvd ut programmet og gitt oss innspel og tilbakemeldingar, fortel ho. 

Somatisk og psykisk helse

I Gynea får vi historiene til «Lillian», «Guri» og «Ragna». Dei tre fiktive karakterane er basert på 32 djupintervju som Tveit Sekse gjennomførde då ho skreiv doktorgraden sin. 

– Programmet knyter somatisk og psykisk helse saman i eit psykoedukuativt program. Eg vidareutvikla tre personar som var analysert fram frå djupintervjua i PhD-graden og prøvde å gjere dei mest mogleg realistiske og gjenkjennande.  

Ny kvardag, endra kropp, seksuell helse, fatigue og frykt for tilbakefall er hovudtema i programmet, som blir fortalt i video, tekst, oppgåver og øvingar på seks modular. Programmet går over seks veker. 

Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet og er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Leiaren for prosjektet er Psykologspesialist og førsteamanuensis Tine Nordgreen, som òg har jobba mykje med det meir kjende eMeistring-programmet. Erfaringa og teknologien frå eMeistring blir nå tatt i bruk i andre prosjekt, som her i Gynea.

Kva meiner kvinnene?

Over 70 kvinner har testa Gynea-programmet. Stipendiat og sjukepleiar Sigrund Breistig, har intervjua 20 av kvinnene som har deltatt i programmet.   

– Det tydeleg å sjå i fortellingane til fleire av kvinnene at dette har vore veldig viktig for dei. For mange handlar det om at programmet treffer godt og har tatt tak i dei utfordringane som kvinnene slit med. Nokre beskreiv deltakinga som livreddande og heilt avgjerande for å kome vidare i livet utan at krefterfaringa skulle definere livet deira. 

– Det som er felles for alle saman, er at kreftsjukdom og behandling har ført til at liver er endra, både kroppsleg og eksistensielt. 

I Gynea får kvinnene kunnskap og hjelp til å forstå endringane dei opplever etter sjukdom og behandling. Å få kunnskap og kjennskap til seg sjølv og kva dei treng er ei viktig del av rehabiliteringa som støttar kvinnene i å ta val som er gode for eiga helse. 

Inngripande i livet

– Gynekologisk kreft omfattar ulike diagnosar, og behandlinga er avhengig av lokalisasjon og omfang. Nokre blir operert og er heime igjen etter kort tid. Andre treng kanskje cellegift og/eller stråling, og får derfor eit lenger behandlingsforløp. På tross av variasjonane i diagnose og behandling, er kreftsjukdommen inngripande i livet for alle. Også lenge etter at dei er ferdig behandla, seier Breistig. 

Erfaringane til kvinnene som tok del i Gynea har resultert i ein artikkel som beskriv korleis kvinnene opplevde deltakinga og kva som var av betydninga for deltakinga deira. Denne blir truleg publisert i løpet av året. 

– Det er mange lovord frå kvinnene som har tatt del. Eit bodskap eg er blitt beden om å vidareformidla er at Gynea er noko som må vera eit tilbod til alle kvinner etter behandling for underlivskreft, avsluttar Breistig. 

Programmet er eit lågterskeltilbod som nå er på veg inn i Vardesenteret i Bergen. Dette blir eit tilbod til heile regionen, og etter kvart skal programmet inn i alle seks Vardensenter over heile landet.