logo Helse Vest

Nye nasjonale tenester

No er det klart for at helseføretaka kan søkje om nye nasjonale behandlings- og kompetansetenester for 2024.

Publisert 24.05.2023
Blå grafikk med symboler fra sykeshus.

​Helse- og omsorgsdepartementet har delegert til Helsedirektoratet å ta avgjerd om oppretting og avvikling av nasjonale tenester.

I samsvar med Veileder for nasjonale tjenester er det dei regionale helseføretaka (RHF-a) som kan søkje til Helsedirektoratet om godkjenning av nye nasjonale tenester. Søknadsfrist er 15. januar kvart år.

​​Fleire søknadar

Alle helseføretak blir med dette invitert til å søkje om nye nasjonale tjenester. Det er mogleg å søkje om nasjonale behandlingstenester, fleirregionale behandlingstenester og nasjonale kompetansetenester. Vi gjer merksam på at regelverket for kompetansetenester er endra, jf. Veileder for nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten

Søknadsskjema og rettleing er tilgjengeleg frå dei regionale servicemiljøa.

– Sjukehusa må sjølv vurdere aktuelle søknadar. Dersom det er aktuelt å fremje fleire søknadar, må føretaket gjere ei samla vurdering og prioritering av søknadane i tråd med kriteria for nasjonale tenester, seier seniorrådgivar Gjertrud Jacobsen i Helse Vest RHF.

Samordnar

Kvart RHF samordnar sine søknadar basert på dei som er sende inn frå helseføretaka i eigen region.

Etter at regionane har prioritert sine søknadar i eigne prosessar, vurderer interregionalt fagdirektørmøte 11. desember 2023 kva søknadar som skal sendast til Helsedirektoratet 15. januar 2024.


Nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten er ei fellesnemning for:

  • nasjonale behandlingstenester
  • fleirregionale behandlingstenester
  • nasjonale kompetansetenester i spesialisthelsetenesta