logo Helse Vest

Pris til pandemiregister

Eirik Alnes Buanes og Norsk intensiv- og pandemiregister får Helse Vest sin Kvalitetspris 2023, for bidraget under koronapandemien.

Publisert 11.05.2023
Sist oppdatert 24.05.2023
En person som får et innrammet bilde og blomster, av to andre. Foto.
F.v.: Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF, Elisabeth Huseby fra Helse Vest RHF og Eirik Alnes Buanes.

​Norsk intensiv- og pandemiregister fekk kvalitetsprisen i Helse Vest under Kvalitets- og registerkonferansen i Haugesund 11. mai 2023. Prisen er på 100 000 kroner.

– Norsk intensiv- og pandemiregister klarte i løpet av omtrent ei veike i mars 2020 å etablere registrering av alle pasientar med Covid-19 innlagt i spesialisthelsetenesta i Noreg. Dette var verdifulle data for norsk offentlegheit, men endå meir for handteringa av pandemien i sjukehusa. Dette vart gjort mogleg av ein engasjert koordinator Eirik Alnes Buanes saman med fleire andre engasjerte fagfolk. Registeret er ein svært verdig vinnar av Kvalitetsprisen i Helse Vest for 2023, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Fire kandidatar var nominerte til årets kvalitetspris i Helse Vest. Juryen som har vurdert nominasjonane til prisen trekkjer fram at det går føre seg mykje godt forbetringsarbeid i Helse Vest. Fleire av dei nominerte vart vurderte som moglege vinnarar.

Utvida register

Norsk intensiv- og pandemiregister (Nipar) er ein del av det nasjonale nettverket av medisinske kvalitetsregister. Registeret vart starta opp i 1998, og samla dei første åra data om pasientar behandla ved norske intensiveiningar. I samband med pandemien i 2020 vart registeret utvida til å omfatte pasientar innlagt i spesialisthelsetenesta med smittsam sjukdom under epidemiar eller pandemiar som omfattar Noreg.​

Helse Vest fekk i mars 2020 i oppdraget å utvide det eksisterande Norsk intensivregister til Norsk intensiv- og pandemiregister. Alle pasientar med SARS-CoV-2 som vart behandla i spesialisthelsetenesta, skulle inkluderast i det nye registeret.

Eksemplarisk løyst 

Helse Bergen etablerte, og har drifta, pandemiregisteret sidan 2020. Juryen seier i grunngivinga for tildelinga at Helse Bergen har løyst dette på ein eksemplarisk måte.  

Eit utstrekt teamarbeid mellom klinikarar, medarbeidarar med kompetanse innan registerdrift, IKT, personvern, og dessutan gode leiarar og fagpersonar på mange nivå, har vore avgjerande. Leiarar har sørga for god interregional og nasjonal forankring. Ein brukarrepresentant utnemnt frå Norsk personskadeforbund har bidrege i fagrådet i registeret.

På denne måten har intensiv- og pandemiregisteret på ein eksemplarisk måte vist kva potensial eit medisinsk kvalitetsregister har i forbetringsarbeid; det er i mandata deira å peike på kritiske sider ved tenestene der det eit er behov for forbetring, foreslå målsetjingar, identifisere og definere indikatorar for å evaluere måloppnåing og å følgje status over lang tid.

Viktig for forbetring

Med fortløpande, oppdaterte data har registeret bidrege til kvalitetssikring og kvalitetsforbetring i planlegging og styring i eit samfunnsperspektiv. For helseføretaka har registerdata vore viktig for kvalitet og kapasitet i behandlinga av pasientar med covid-19, og for å vareta andre pasientar og medarbeidarar når det gjeld smittevern.

 

Om norsk intensiv- og pandemiregister​

Registeret skal gi grunnlag for rapport tilbake til deltakande sjukehus og til sentrale helsestyresmakter om verksemda ved norske intensiveiningar og om epidemiutbrot.

Registeret skal utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar og for verksemd knytt til epidemiutbrot.

Registeret skal leggje til rette for forsking relatert til intensivverksemd og utbrot av epidemiar.

Les meir på kvalitetsregistre.no