Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Stansar bruk av klimafiendtlege astmainhalatorar

Offentlege sjukehus i Noreg vil frå 2025 kutte ut all bruk av astmainhalatorar med klimagassar. - Tiltaket sender eit viktig signal, seier fagdirektør.

Publisert 11.05.2023
Sist oppdatert 19.05.2023
Mann i hvit frakk, smiler til kameraet. Foto.
Fagdirektør Bjørn Egil Vikse. Foto: Stina Steingildra

Av: Hege Wallenius, Sykehusinnkjøp

Bruk av astmainhalatorar med klimagassar i helseføretaka gir eit årleg utslepp på 216 tonn CO2, ifølgje estimat. Som eitt av fleire tiltak for å kutte det samla klimaavtrykket til spesialisthelsetenesta, vedtok ny​leg dei fire regionale helseføretaka i eit interregionalt fagdirektørmøte at slike inhalatorar ikkje skal inngå i avtalar frå 1. februar 2025. I staden skal det bytast til alternativ utan klimagassar, hovudsakleg forstøvarar som er det som oftast blir brukt i helseføretaka i dag.

– Tiltaket sender eit viktig signal til primærhelsetenesta, der forbruket av inhalasjonsaerosolar er mykje større enn i spesialisthelsetenesta, men også til andre land og leverandørar som produserer inhalatorar med klimagassar, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.

​Fleire tiltak

Spesialisthelsetenesta har vedteke felles nasjonale mål for å redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030. I 2021 var det totale C02-utsleppet frå spesialisthelsetenesta over 330 000 tonn, ifølgje rapporten frå spesialisthelsetenesta for samfunnsansvar. Utslepp frå ulike inhalasjonslegemiddel utgjer rundt rekna 6000 tonn årleg. 

– Ein målretta innsats mot slike legemiddel vil derfor kunne redusere klimaavtrykket til helseføretaka stort. Tiltak mot astmainhalatorar er enklare å gjennomføre på kort sikt, medan potensialet for kutt i CO2 er størst for inhalasjonsanestetika, seier Vikse.

Inhalasjonsanestetika er bedøvingsmiddel som blir til dømes brukte under operasjon. Utslepp frå desse legemidla utgjer klart hovuddelen av det totale utsleppet frå inhalasjonslegemiddel. Dei fire regionale helseføretaka har derfor også vedteke at CO2-utslepp skal minimerast for området inhalasjonsanestetika, anten ved byte til andre behandlingsalternativ og/eller at det blir metodar tekne i bruk som inneber nullutslepp.

​Vil lage forslag til nasjonal koordinering

Sjukehusinnkjøp har saman med Helse Sør-Øst og Helse Vest vore pådrivarar for avgjerdene hos dei regionale helseføretaka og har bidrege med faktagrunnlag i saka. Vidare har Sjukehusinnkjøp ansvar for innkjøpet av astmainhalatorar til sjukehusa.

Mann smiler mot kameraet. Foto.
Divisjonsdirektør legemidler i Sjukehusinnkjøp, Tommy Juhl Nielsen.

– Vi vil leggje avgjerda frå det interregionale fagdirektørmøtet til grunn i arbeidet med det kommande innkjøpet på dette området som vil kunngjerast sommaren 2023. Oppstarten til avtalen er 1. februar 2025, seier divisjonsdirektør legemiddel i Sjukehusinnkjøp, Tommy Juhl Nielsen.

Når det gjeld innkjøp av inhalasjonsanestetika, blir kjøpte desse i dag utan avtale. Det medfører auka risiko for leveringssvikt, auka kostnad for helseføretaka og dårlegare konkurranseforhold. Derfor meiner det interregionale fagdirektørmøtet at det er nødvendig med ei nasjonal koordinering på området gjennom nasjonale innkjøp. Fagdirektørane har bede Sjukehusinnkjøp lage eit forslag til ein plan for korleis innkjøp av utstyr og legemiddel til inhalasjonsanestesi kan koordinerast og organiserast nasjonalt.

– Dette arbeidet tek vi fatt på umiddelbart. Vi tek sikte på å levere eit forslag til fagdirektørane i løpet av hausten 2023, seier Juhl Nielsen.